Astrid Lous (12. april 187225. desember 1945) var ein norsk operasongar, skodespelar og songpedagog.

Astrid Lous

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. april 1872
Kristiansund
Død

25. desember 1945 (73 år)

Yrke songar
Astrid Lous på Commons

Familie endre

Astrid Lous var dotter av hamnefuten Otto Henrik Mejlænder Lous og Johanne Marie Brunchorst. I 1906 gifta ho seg med direktør Martin Gehrke i Berlin. Ekteparet gjekk frå kvarandre i 1911. Systera hennar, Lulli Lous, var også songar.[1]

Liv og virke endre

Astrid Lous var elev av fru Winterhjelm. 23. oktober 1893 hadde ho skodespelardebuten sin ved Den Nationale Scene i Bergen som Fanchon i En liden Hex, som var den gamle glansrolla til læraren.[2] Ho gjorde tidleg lykke ved dette teateret, og etter framsyninga hennar som Signe i En Forlovelse desember same år var mottakinga strålande: «Her fik vi Syn for at hun virkelig ejer Evne, og at hun formaar at gi noget. Med megen Inderlighed og stor Sikkerhed havde Frk. Lous omfattet sin Rolle, og hun gav den med Liv og Sandhed […]»[3]

Lous vart verande ved Den Nationale Scene til 1896. Deretter var ho tilsett ved Christiania Theater i perioden 1896–1899, der ho hadde si fyrste framsyning 8. mai 1896, i si gamle rolle som Svanhild i stykket En Forlovelse, og hennar framsyning vart kjenneteikna som «helt igjennom vellykket».[4] I 1897 tok ho seg eit par månadar fri frå Christiania Theater for eit opphald i København.[5]

Etter nedlegginga av Christiania Theater vart Astrid Lous, og som dei fleste blant staben der, med over til Nationaltheatret. Der var ho tilsett til år 1900. Hausten 1899 fekk ho permisjon frå teateret for å studere song i Paris.[6]

Tidleg på 1900-talet spesialiserte Lous seg som operasongar, og hausten 1903 hadde ho sin danske debut i København då ho framførte Dødsarien frå Afrikanerinden av Giacomo Meyerbeer.[7]

I perioden 1904–1913 opptredde Lous i operaane i Leipzig, Aachen, Elberfeld, Berlin, Kiel og Hamburg. I 1915 hadde ho gjesteframsyningar på Nationaltheatret, i operaane Vårnatt og Faust.[8] Seinare busette ho seg igjen i Berlin, der ho fortsette å gje konsertar. Der var ho dessutan songpedagog ved Klindworth-Scharwenka-konservatoriet.[9] I 1925 vende ho igjen tilbake til Noreg.[10]

Utvalde roller endre

Kjelder endre

  1. Romsdals Amtstidende 1904.01.11. 1904. s. 3. 
  2. 2,0 2,1 Morgenbladet 1895.04.28. 1895. s. 4. 
  3. Dagbladet 1893.12.08. 1893. s. 2. 
  4. Romsdals Amtstidende 1896.05.13. 1896. s. 2. 
  5. Morgenbladet 1897.11.26. 1897. s. 2. 
  6. Romsdals Amtstidende 1899.09.30. 1899. s. 1. 
  7. Romsdals Amtstidende 1903.09.14. 1903. s. 1. 
  8. 8,0 8,1 Kindem, Ingeborg (1941). norske operas historie. Mortensen. s. 96. 
  9. Arbeidet 1922.06.21. 1922. s. 3. 
  10. Tidens Tegn 1925.09.15. 1925. s. 8. 
  11. Dagbladet 1894.03.13. 1894. s. 1. 
  12. Morgenbladet 1898.05.17. 1898. s. 1. 
  13. Wiers-Jenssen, H. (1924). Nationalteatret gjennem 25 aar. Gyldendal. s. 97. 
  14. Morgenbladet 1904.12.09. 1904. s. 1. 
  15. Morgenbladet 1905.05.05. 1905. s. 5. 
  16. Morgenbladet 1911.08.31. 1911. s. 2. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Astrid Lous