Magnus Bernhardsen

norsk målmann og venstreaktivist

Magnus Bernhardsen (fødd 12. mai 1976) frå Oslo er ein norsk målmann og venstreaktivist. Han var leiar i Norsk Målungdom i åra 1998-2000, og har arbeidd som organisasjonssekretær i Noregs Mållag sidan 2000.

Magnus Bernhardsen
MagnusBernhardsen.jpg
Fødd 12. mai 1976 (45 år)
Oslo

Barndom og oppvekstEndra

Magnus Bernhardsen budde dei fyrste leveåra sine på Tau i Ryfylke. Familien flytte til Veitvet i Oslo, og der har han budd sidan. Han gjekk på ålmenfagleg linje på vidaregåande ved Oslo katedralskole i 1992-95. Dessutan har han studert bibliotekfag i eitt år ved Høgskolen i Oslo.

MålsakEndra

Då han var leiar i Norsk Målungdom, profilerte Magnus Bernhardsen kampanjane «Ta flagget tilbake frå nazistane» (1998) og «Stogg urbanismen» (1999). Hausten 2000 tok han over etter Vidar Lund som organisasjonssekretær i Noregs Mållag sentralt.

Andre verv i og for målrørslaEndra

AnnaEndra

Bernhardsen er svært aktiv Vålerenga-supportar, og har vore medlem av hovudstyret i Klanen (2006-2007).

I 1995 skreiv han heftet Biji Kurdistan (utgjeve av Raud Ungdom, ISBN 82-992848-6-4) saman med Lars Julin etter ei reportasjeferd i Kurdistan.