Athanasius av Alexandria

egyptisk prest

Athanasius av Alexandria, eller Athanasius den store (fødd om lag år 295, død 2. mai 373) var patriark (biskop) av Alexandria i 45 år og ein viktig kyrkjelærar på 300-talet. Han er mest kjend for å kjempa mot vranglæra arianismen i den tidlege kyrkja. Athanasius vert rekna som helgen i fleire store kyrkjesamfunn, både i den romersk-katolske og i den ortodokse kyrkja. Han har minnedag den 2. mai.

Den heilage Athanasius

Føddca. 295
FødestadAlexandria
Daud2. mai 373
DødsstadAlexandria
Yrkeortodoks prest, hagiograf, teolog, skribent, diakon
Helgendag31. januar, 15. mai, 2. mai

Tidleg liv endre

Athanasius vart fødd i Alexandria i Egypt, han skal ha hatt kristne foreldre og ein bror som heitte Peter. Ein veit elles lite om oppveksten til Athanasius, det finst historie om han som barn som vart nedteikna av Rufinus av Aquileia (d. ca 410). I følgje historia skal ei gruppe med born skal ha leikt på stranda i Alexandria, og blant dei var Athanasius. Borna var både kristne og heidningar, og dei kristne borna fann då på at dei ville leika dåp av dei udøypte leikekameratane sine. Borna utnemnde Athanasius til biskop, og han gjentok ordrett dei orda han hadde høyrt i kyrkja når nokon vart døypte. Patriark (biskop) Alexander av Alexandria ha blitt oppmerksam på det heile gjennom eit vindauge. Han gav då beskjed om at både borna og foreldra deira skulle førast til han. Etter å ha snakka med dei lenge, avgjorde han at dåpen hadde blitt gjort etter rett kyrkjeleg orden. Han stadfesta at dåpen var ekte og gav borna sakramentet krismering etterpå. Patriark Alexander skal ha tatt den unge Athanasius under sine venger etter dette.[1][2]

Kyrkjemøtet i Nikea, år 325 endre

Athanasius fekk ei svært god utdanning ved skulen Didascaleion, der både Origenes og Klemens av Alexandria hadde vore lærarar. Her fekk han fordjupa seg i m.a.gresk litteratur og filosofi, rettsvitskap, retorikk og kristen lære. I tillegg hadde han svært god kjennskap til dei kristne skriftene. Han skreiv også tidleg to apologetiske skrifter: «Mot heidningane» (Contra Gentes) og «Om inkarnasjonen åt ordet» (De incarnatione verbi). I år 318 vart han utnemnt til diakon av patriark Alexander, og som diakon fekk han vera med Alexander til kyrkjemøtet i Nikea i år 325. Kyrkjemøtet hadde vorte skipa til av keisar Konstantin den store, som hadde gjort kristendommen til statsreligion i Romarriket. Det kom 318 biskopar til møtet som skulle representera den kristne kyrkja saman med ei stor rekkje munkar og einebuarar. Kyrkjemøtet skulle i hovudsak ta stilling til Arius si lære om treeininga. Arius hevda at «det fanst ei tid då Sonen ikkje var til», og at Sonen dermed var eit skapt vesen. (Den arianske striden). Athanasius var her ordførar for patriark Alexander, som hevda at Sonen var homoousious - gresk: av same vesen som Faderen. Det var dette synet som kyrkjemøtet avgjorde som rett lære, og då kyrkjemøtet skreiv første delen av Den nikenske truvedkjenninga, vart denne formuleringa teke med. Arius sitt syn vart fordømt som vranglære. Likevel skulle den kristne kyrkja gå fleire rundar med å kjempa mot arianismen i lang tid etter dette.

Biskop og patriark av Alexandria endre

Tre år seinare, den 17. april 328, døydde patriark Alexander, og Athanasius vart einstemmig utnemnd til å overta som biskop og patriark av Alexandria. Han vart vigd til biskop den 8. juni same året og med dette vart han øvste leiar for kyrkja i Egypt. Som patriark av Alexandria vart Athanasius forfylgd av meiningsmotstandarane sine, arianarane. Heile fem gonger vart han fjerna frå bispestolen sin og sendt i ulike eksil, m.a. til Trier, til Roma og til øydemarka, ofte grunna den ubøyelege haldninga si mot vranglæra. Det vart også ført falske klagemål mot han. Mellom 356 og 361 var patriark Athanasius i eksil i øydemarka og budde i kloster hjå eremitten Antonios den store, truleg nær Raudehavet. Her fullførte Athanasius verket Fire talar mot arianarane (Orationes contra Arianos IV). Seinare skreiv han også ned livshistoria til Antonios den store. Under regjeringstida til keisar Julian den fråfalne, då dei kristne fekk trongare kår i Romarriket, vart han først kalla tilbake til bispesetet sitt, før han på ny vart sendt i eksil av keisaren. Keisar Julian fekk ikkje regjera lenge, men etterfølgjaren keisar Valens hans sendte også biskopen i eksil i år 365. Dette var det femte og siste eksilet til Athanasius, men denne gongen starta folket i Alexandria eit opprør for å få biskopen sin tilbake. Valens tillét dette i februar 366, og Athanasius kunne då venda tilbake i glede. Resten av livet sitt tente Athanasius som patriark av Alexandria. Han hadde då tilbrakt over tjue år i eksil.

Død og ettermæle endre

Patriark Athanasius døydde fredeleg den 2. mai 373 heime i huset sitt i Alexandria. Leivningane hans vart på eit tidspunkt førte først til Konstantinopel, og seinare til Venezia. I moderne tid har relikviane hans vorte tilbakeført til den koptiske katedralen i Kairo av pave Paul VI. I dag finst det relikviar av han både i Venezia og i Kairo. Uttrykket «Athanasius contra mundum» (Athanasius mot verda) har blitt ståande etter han,[3] kanskje fordi han ofte vart ståande åleine som motstandar av den populære arianismen. Det finst fleire skrifter etter Athanasius, det mest kjende av dei er truleg 'Mot arianarane' (Contra Arianos).

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Katolsk.no: Den hellige Athanasius av Alexandria, vitja 21.01.22
  2. Orthodox Church in America: Saint Athanasius the Great, Patriarch of Alexandria. Vitja 21.01.22
  3. Catholic Insight, 2. mai 2020: Athanasius Contra Mundum, vitja 21.01.22