Krattfuglar

slekt av sporvefuglar
(Omdirigert frå Atrichornithidae)

Krattfuglar er sky, tilbaketrekte, bakkelevande sporvefuglar som utgjer den biologiske slekta Atrichornis, einaste slekta i familien Atrichornithidae. Det finst berre to artar. Rustkrattfugl er sjeldan med særs avgrensa distribusjon, og larmkrattfugl er så sjeldan at fram til 1961 trudde ein at arten var utdøydd. Begge er endemiske for Australia.

Krattfuglar
Larmkrattfugl Atrichornis clamosus
Larmkrattfugl
Atrichornis clamosus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Atrichornithidae
Slekt: Krattfuglar Atrichornis
Stejneger, 1885

Krattfuglefamilien er gamal og blir forstått å vere nærast knytt til lyrehalar, og sannsynlegvis òg til gartnarfuglar og trekryparar. Alle desse fire familiane starta utvikling frå Australia-Ny-Guinea-regionen.

Populasjonen av larmkrattfugl blei estimert til 40-45 fuglar i 1962. Innsats for å verne fuglane klarte å auke bestanden til ca. 400 fuglar ved midten av 1980-talet, og dei har seinare vorte gjeninnført fleire stader, men er framleis trua. Pr. 2002 var populasjonen rekna til 1200 individ.

Skildring

endre

Fuglar av begge artar er omtrent på storleik med star, om lag 20 cm i lengd, og med kamuflerande farger i brunt og svart. Dei held begge til i tett underskog, rustkrattfugl i temperert regnskog i nærleiken av Queensland-New South Wales-grensa, og larmkrattfugl i lyngheier og i kløfter med småskog ved kysten av Vest-Australia. Begge er flinke til å smette ut av syne som mus gjer for å unngå merksemd[1]. Dei spring fort, men dugleiken til å flyge er svak.

Hannane har kraftfulle lydytringar,[1] metallisk, høgt ringande, så høgt at lyden trengjer gjennom tett kratt og er nesten smertefullt på nært hald. Hofuglane byggjer eit kuppelforma reir nær bakken og tar aleineansvar for avkomet.

Kjelder

endre
  • Referansar:
  1. 1,0 1,1 Smith. G.T. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 170. ISBN 1-85391-186-0. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Krattfuglar