Audhild Skoglund
Audhild Skoglund (fødd 26. november 1970) er ein norsk folklorist, forskar, skribent og sakprosaforfattar. Ho har særleg teke for seg kontroversar innan religionsfeltet.[1]
Audhild Skoglund | |||
Fødd | 26. november 1970 Narvik | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | skribent, folklorist, forskar, journalist | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo |
Liv og virke
endreSkoglund er cand.philol. i religion og populærkultur frå Universitetet i Oslo (1997). Hovudfagoppgåva hennar hadde tittelen Stjernemennesker: moderne folkelig religiøsitet betraktet ut fra forestillingen om reinkarnasjon fra andre planeter.[2]
Ho har vore tilsett som forskar ved Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) på Ullevål universitetssjukehus.
Skoglund har også bakgrunn som redaktør og journalist, og har arbeidd som musikkskribent i musikkavisa Puls, journalist i Dagbladet og i Nettavisen. I mai 2008 byrja ho som redaktør av Universitetsavisa (nettavis) ved NTNU i Trondheim. I tillegg til bøkene sine har ho elles vore aktiv med kronikkar, kommentarstoff og nyheitsmeldingar.[3][4]
Skoglund melde seg ut av statskyrkja då ho var 19 år. Seinare melde ho seg inn i Human-etisk forbund.[5]
Ho har vore busett i Narvik, Oslo, Praha og Trondheim.[6] Ho gifta seg i 2020.[6]
Publikasjonar
endreI 1999 gav Skoglund ut boka Jakten på en indre gud. Denne handlar om ulike new age-fenomen i det moderne samfunnet, og prøver også å ta for seg kvifor stadig færre trur på Gud og tradisjonelle kristne dogme som himmel og helvete. I boka skriv ho vidare at «ved å flytte gudsbildet fra de himmelske sfærer til menneskets indre, blir ikke mennesket lenger offer for Guds luner, men styrer sin skjebne og sitt liv selv - noe som står i kontrast til kristendommens gudsbilde».[7]
Ho er òg ein av hovudforfattarane av den norske rapporten Religiøse grupper og bruddprosesser, òg kalla Sekterapporten, frå 2008, som var bestilt av Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, og utarbeidd av Nasjonalt kunnskapscenter om vald og traumatisk stress (NKVTS).[8] Ho vurderte likevel å trekka namnet sitt frå rapporten, som ho meinte blei betydeleg omskriven av andre, og at han gjenspegler mange av dei norske fordommane mot religiøst mangaold. Ho meinte dette var eit bevis på «bestilt forskning», og at premissane allereie var lagt før arbeidet kom i gang («sekt=overgriper, sektmedlem=traumatisert offer. Det vi skulle finne var hjelpetiltak»).[9][10]
I 2011 lanserte ho boka Sekter på Humanist forlag. Her går ho gjennom ulike religiøse rørsler, òg dei mest ytterleggåande sektane som har resultert i menneskelege tragediar. Ho går òg gjennom «sektrapportar» frå ulike land, og viser til utviklinga av desse rapportane som har funne stad (fyrste- og andregenerasjonrapportar).[11]
I 2013 gav ho ut Sinte hvite menn på Humanist forlag. Her prøver ho å gå nærare inn på historia, ideologien og psykologien til kjende og mindre kjende soloterroristar slik som Timothy McVeigh, John Ausonius (Lasermannen), Peter Mangs, Ted Kaczynski og Anders Behring Breivik. Ho prøver å finna det som skil ein valdeleg terrorist frå ein alminneleg ekstremist.[12]
Ho har også skrive ei rekkje artiklar for Human-etisk Forbund.[5]
Kjelder
endre- ↑ «Skoglund, Audhild - Humanist forlag AS». www.humanistforlag.no (på norsk). Henta 16. oktober 2020.
- ↑ «Hovedfagsoppgave 1997». bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com (på engelsk). 1997. Henta 17. oktober 2020.
- ↑ «Skoglund ny UA-redaktør». Arkivert frå originalen 6. september 2005.
- ↑ «Audhild Skoglund - Stavanger Aftenblad». www.aftenbladet.no. Henta 17. oktober 2020.
- ↑ 5,0 5,1 Skoglund, Audhild (2019). «Den lange veien til Human-Etisk Forbund». Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk (på norsk). Henta 16. oktober 2020.
- ↑ 6,0 6,1 «Min flukt til Norge». www.aftenbladet.no (på norsk bokmål). 2020. Henta 17. oktober 2020.
- ↑ «Jakten på en indre Gud - New Age som religionsform og samfunnsstrømning av Audhild Skoglund». bokelskere.no. Henta 17. oktober 2020.
- ↑ «Religiøse grupper og bruddprosesser (rapport)» (PDF). Nasjonalt kunnskapssenter. 2008. Henta 16. oktober 2020.
- ↑ Gran, Even (2008). «Slakter egen sektrapport». Fri tanke - nettavis for livssyn og livssynspolitikk (på norsk). Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Humanist | Den store sektfaren». arkiv.humanist.no. 2010. Arkivert frå originalen 2. januar 2015. Henta 18. oktober 2020.
- ↑ «Sekter av Audhild Skoglund». bokelskere.no. Henta 16. oktober 2020.
- ↑ «Sinte hvite menn - de ensomme ulvenes terror av Audhild Skoglund». bokelskere.no. Henta 16. oktober 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Audhild Skoglund» frå Wikipedia på bokmål, den 13. desember 2024.