Augnetrøystslekta

planteslekt
(Omdirigert frå Augetrøyst)

Augnetrøystslekta (Euphrasia), med medlemmar kjende som augnetrøyst, augnetrøst, augetrøyst, augetrøst eller svoleblom, omfattar små eittårige planter i snylterotfamilien. Namnet har dei fått fordi dei tidlegare vart mykje nytta som augemedisin.[1]

Augnetrøystslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Snylterotfamilien Orobanchaceae
Slekt: Augnetrøystslekta Euphrasia
L., 1753

Planta har parvis stilte blad som er taggete. Blomane sit samla øvst på stengelen, og kan vera kvitlege eller blåfiolette.[1]

Augnetrøystartane er halvsnyltarar, noko som vil seie at dei delvis utfører fotosyntese og produserer organisk stoff sjølve, og delvis stel ferdig næring frå røtene til andre planter.

Augnetrøystslekta har mange nærtståande artar. Dei veks frå havnivå og opp til høgfjellet.

Desse artane veks vilt i Noreg:[2]

Fleire andre artar har vore rapporterte, men materialet for desse er førebels lite studert:[2]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «ØYENTRØST - Euphrasia officinalis», www.rolv.no, henta 1. mars 2023 
  2. 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 988–992. 
  3. 3,0 3,1 «Norsk rødliste for arter 2021». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 1. mars 2023. 

  • «Augnetrøystslekta» i Caplex.

Bakgrunnsstoff

endre