Augnetrøystslekta
Augnetrøystslekta (Euphrasia), med medlemmar kjende som augnetrøyst, augnetrøst, augetrøyst, augetrøst eller svoleblom, omfattar små eittårige planter i snylterotfamilien. Namnet har dei fått fordi dei tidlegare vart mykje nytta som augemedisin.[1]
Augnetrøystslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Snylterotfamilien Orobanchaceae |
Slekt: | Augnetrøystslekta Euphrasia L., 1753 |
Planta har parvis stilte blad som er taggete. Blomane sit samla øvst på stengelen, og kan vera kvitlege eller blåfiolette.[1]
Augnetrøystartane er halvsnyltarar, noko som vil seie at dei delvis utfører fotosyntese og produserer organisk stoff sjølve, og delvis stel ferdig næring frå røtene til andre planter.
Augnetrøystslekta har mange nærtståande artar. Dei veks frå havnivå og opp til høgfjellet.
Desse artane veks vilt i Noreg:[2]
- Kjertelaugnetrøyst (E. stricta), livskraftig (LC), med underartane
- Bakkeaugnetrøyst (E.s. ssp. brevipila), ikkje raudlistevurdert separat
- Beiteaugnetrøyst (E.s. ssp. tenuis), ikkje raudlistevurdert separat
- Shetlandsaugnetrøyst (E. arctica), livskraftig (LC)
- Tromsaugnetrøyst (E. hyperborea), livskraftig (LC)
- Gråaugnetrøyst (E. nemorosa), livskraftig (LC)
- Småaugnetrøyst (E. wettsteinii), livskraftig (LC), med underartane
- Nominatunderarten fjellaugnetrøyst (E.w. ssp. wettsteinii), livskraftig (LC)
- Myraugnetrøyst (E.w. ssp. palustris), livskraftig (LC)
- Lyngaugnetrøyst (E. micrantha), livskraftig (LC)
- Skotsk augnetrøyst (E. scottica), nær truga (NT) i Raudlista 2021,[3]
- Lappaugnetrøyst (E. salisburgensis), livskraftig (LC)
Fleire andre artar har vore rapporterte, men materialet for desse er førebels lite studert:[2]
- Heiaugnetrøyst (E. confusa), nær truga (NT) i Raudlista 2021,[3]
- Hebridaugnetrøyst (E. foulaënsis), ikkje raudlistevurdert
- Saftaugnetrøyst (E. ostenfeldii), ikkje raudlistevurdert
- Russeaugnetrøyst (E. saamica), ikkje raudlistevurdert
- Euphrasia tetraquetra, ikkje raudlistevurdert
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «ØYENTRØST - Euphrasia officinalis», www.rolv.no, henta 1. mars 2023
- ↑ 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 988–992.
- ↑ 3,0 3,1 «Norsk rødliste for arter 2021». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 1. mars 2023.
- «Augnetrøystslekta» i Caplex.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Augnetrøystslekta hos Artsdatabanken
- (en) Augnetrøystslekta – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Augnetrøystslekta i Encyclopedia of Life
- (en) Augnetrøystslekta i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Augnetrøystslekta hos Dyntaxa
- (en) Augnetrøystslekta hos ITIS
- (en) Augnetrøystslekta hos NCBI
- (en) Augnetrøystslekta hos The International Plant Names Index
- (en) Augnetrøystslekta hos Tropicos
- (en) Kategori:Euphrasia – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Euphrasia – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons