Australdukkand

art av andefuglar
Australdukkand
Australdukkandhann
Australdukkandhann
Australdukkandhoe
Australdukkandhoe
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Overfamilie: Anatoidea
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anatinae
Slekt: Aythya
Art: Australdukkand A. australis
Vitskapleg namn
Aythya australis

Australdukkand (Aythya australis) er ei lita til mellomstor dukkand i Aythya-slekta og er einaste dukkand som lever i Australia. Australdukkender er vanlege i søraustlege Australia, spesielt i Murray–Darlingbekkenet, men òg i det våtare landskapet nær kysten av Victoria. Dei er moderat nomadiske i normale år, men spreier seg mykje i høve til regnvêr og tørke. Monalege mengder av australender kan streife så langt unna som til Indonesia, Ny-Guinea, New Zealand, og andre øyar i Stillehavet,[1] der dei kan halde seg ei tid, jamvel over ein hekkesesong.

Australdukkand, hofugl.
Foto: Fir0002/Flagstaffotos
Hannfugl på land.
Foto: JJ Harrison

Skildring endre

Australdukkender er i gjennomsnitt 48 centimeter i kroppslengd og veg 900 gram.[1] Begge kjønn er ganske einsarta sjokoladebrune på oversida, medraudbrune kroppssider, og noko kvitt på undersida, som ofte ikkje er synleg viss anda er i vatnet. I flukt er viser dei eit breitt kvitt band i bakkanten frå vengespissen til kroppen og nesten heile undersida av vengene er kvite. Hannfuglar har eit slåande kvitt auge, hoer har brunt auge.

Utbreiing endre

Australdukkender føretrekker større innsjøar, sumpar og elver med djupt, stille vatn, men er ofte sett i mindre bekker, oversumde grassletter og grunne basseng. Som ein generell regel, unngår dei kystnære farvatn. Dei kjem sjeldan på land. Til likskap med somme andre dukkender, søkjer australender føde ved å dukke djupt, og kan ofte vere nede så lenge som eit minutt om gongen.[treng kjelde] Dei et eit breitt spekter av små, vasslevande dyr, og supplerer dette med akvatiske plantar.

Populasjonen er ikkje truga.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
  2. BirdLife International (2012) Species factsheet: Aythya australis Arkivert 2012-10-20 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. juli 2012

Bakgrunnsstoff endre