Avonmore av Bryan Ferry

Avonmore
Studioalbum av Bryan Ferry
Utgjeve 17. november 2014
Sjanger Kunstpop, sophisti-pop
Lengd 43:21
Selskap BMG Rights Management
Produsent Bryan Ferry, Rhett Davies, Johnson Somerset, Todd Terje
Bryan Ferry-kronologi
The Jazz Age
(2012)
Avonmore Bitter-Sweet
(2018)


Avonmore er det femtande studioalbumet til den engelske songaren Bryan Ferry, gjeve ut den 17. november 2014.[6]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
The Guardian4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]
Pitchfork Media(6.7/10)[3]
PopMatters(8/10)[4]
Rolling Stone3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]

BakgrunnEndra

Tittelen på albumet vart kalla opp etter staden der studioet til Ferry, der albumet vart spelt inn, låg i London.[7]

Albumet vart annonsert den 23. september 2014 med ei utgjeving av songen «Loop De Li».[8] Albumet vart produsert av Ferry i lag med den mangeårige samarbeidspartnaren Rhett Davies, som har produsert mange album for Ferry og Roxy Music. Med på albumet er òg andre faste samarbeidspartnarar som Fonzi Thornton, Nile Rodgers, Marcus Miller og Johnny Marr (som var medlåtskrivar på songen «Soldier of Fortune»). Albumet inneheld to coverversjonar, ei utgåve av Stephen Sondheim sin «Send in the Clowns» og ein versjon av «Johnny and Mary», opphavleg av Robert Palmer. Sistnenmde var eit samarbeid med den norske DJ-en og produsenten Todd Terje og kom først ut på albumet til Todd Terje, It's Album Time, som kom ut tidlegare i 2014.

Avonmore nådde 19. plassen på UK Albums Chart og 72. plassen på US Billboard 200.

MottakingEndra

Albumet fekk generelt god kritikk. Allmusic gav fire av fem stjerner og Stephen Thomas Erlewine skreiv at «dette er Ferry på sitt beste, ein augneblink då arva hans var intakt, men likevel ikkje enno bevart i rav» og at albumet «bevisst framkallar denne distinkte perioden, nokre gonger glir det inn i den utsøkte ennuien på Avalon, men som regel er det heller finsaumen frå Boys and Girls, ei plate der kvar sekvenserte rytme, keyboard og gitarlinje blanda seg til ein forlokkande urban puls» og at «songane er det som gjer denne plata til noko meir enn ein flørt».[9] PopMatters-kritikaren John Paul skreiv at albumet «fungerer som ein velfortent sigersrunde for både Ferry og dei han samla saman, triumferande relevant igjen og minnar lyttarane på at han har gjort dette sidan 1970-åra. Det har berre tatt heile denne tida for ålmenta å ta igjen der han har vore heile tida».[10] Forfattaren T. Cole Rachel frå Pitchfork var mindre positiv, og gav albumet 6,7 av 10: «somme stader snublar albumet når musikken, som ofte flørtar med ein slags glatt adult contemporary, glir over i å bli uinteressant» og «den godt dokumenterte, gode smaken til Ferry er både ein ressurs og kanskje ei forbanning» og konkluderte med at plata er «eit fin tillegg til verka til Bryan Ferry, om enn ikkje nødvendigvis eit veldig utfordrande eitt».[11]

SpesialutgåveEndra

29. oktober 2015 annonserte Ferry utgjevinga av ei spesialutgåve av Avonmore, med albumet på vinyl og CD, i lag med ei bok på 48 sider med bilete av fotografen Matthew Becker.[12]

InnhaldEndra

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Produsent(ar)Lengd
1.«Loop De Li»FerryFerry, Davies, Somerset4:18
2.«Midnight Train»FerryFerry, Davies, Somerset3:49
3.«Soldier of Fortune»Ferry, Johnny MarrFerry, Davies4:25
4.«Driving Me Wild»FerryFerry, Davies3:37
5.«A Special Kind of Guy»FerryFerry, Davies3:14
6.«Avonmore»Ferry, Oliver ThompsonFerry, Davies5:13
7.«Lost»FerryFerry, Davies2:47
8.«One Night Stand»FerryFerry, Davies, Somerset5:05
9.«Send in the Clowns»Stephen SondheimFerry, Davies4:02
10.«Johnny and Mary»Robert PalmerTodd Terje6:47
Total lengd:43:15

MedverkandeEndra

«Loop De Li»

«Midnight Train»

«Soldier of Fortune»

  • Bryan Ferry: vokal, klaverinstrument
  • Johnny Marr, Neil Hubbard, Steve Jones: gitar
  • Marcus Miller: bass
  • Tara Ferry: trommer
  • Paul Beard: klaverinstrument
  • Iain Dixon, Robert Fowler, Richard White: saksofon
  • Fonzi Thornton: korvokal

«Driving Me Wild»

  • Bryan Ferry: vokal, klaverinstrument
  • Johnny Marr, Nile Rodgers, Neil Hubbard, Oliver Thompson: gitar
  • Marcus Miller, Guy Pratt: bass
  • Tara Ferry: trommer
  • Richard White: saksofon
  • Cherisse Osei: perkusjon
  • Fonzi Thornton: korvokal

«A Special Kind of Guy»

  • Bryan Ferry: vokal, klaverinstrument
  • Nile Rodgers, Neil Hubbard, Steve Jones: gitar
  • Marcus Miller, Guy Pratt: bass
  • Tara Ferry: trommer
  • Fonzi Thornton: korvokal

«Avonmore»

  • Bryan Ferry: vokal, klaverinstrument
  • Johnny Marr, Nile Rodgers, Neil Hubbard, Oliver Thompson, Steve Jones: gitar
  • Flea, Guy Pratt, Paul Turner: bass
  • Tara Ferry, Cherisse Osei: trommer
  • Richard White: altsaksofon
  • Frank Ricotti: perkusjons

«Lost»

  • Bryan Ferry: vokal, klaverinstrument
  • Mark Knopfler, Neil Hubbard: gitar
  • Neil Jason: bass
  • Andy Newmark, Tara Ferry, Cherisse Osei: trommer

«One Night Stand»

  • Bryan Ferry: vokal, klaverinstrument
  • Johnny Marr, Nile Rodgers, Jeff Thall, Neil Hubbard, Oliver Thompson, David Williams, Chris Spedding, Steve Jones, Jacob Quistgaard: gitar
  • Marcus Miller: bass
  • Tara Ferry: trommer
  • Paul Beard: klaverinstrument
  • Maceo Parker: altsaksofon
  • Ronnie Spector, Hannah Khemoh, Sewuse Abwa, Shar White, Michelle John: korvokal

«Send in the Clowns»

  • Bryan Ferry: vokal
  • Johnny Marr: gitar
  • Marcus Miller: bass
  • Chris Laurence, Tom Wheatley: kontrabass
  • Tara Ferry, Cherisse Osei: trommer
  • Colin Good: piano
  • Richard White: altsaksofon
  • Frank Ricotti: perkusjons
  • Enrico Tomasso: trompet

Strykearrangement av Colin Good & Bryan Ferry

«Johnny and Mary»

Produksjon

  • Alistair Norbury – management
  • Johnny Dewe Mathews – fotografi på framsida
  • Neil Kirk – fotografi inne i omslaget
  • Michael Knight – design
  • Jono Patrick – digital kunst

SalslisterEndra

Liste (2014) Plassering
Franske album (SNEP)[13] 63
Tyske album (Offizielle Top 100)[14] 23
Italienske album (FIMI)[15] 71
Svenske album (Sverigetopplistan)[16] 19
Britiske album (OCC)[17] 19
US Billboard 200[18] 72

KjelderEndra

  1. AllMusic review
  2. The Guardian (review)
  3. Pitchfork Media review
  4. [1]
  5. Rolling Stone review
  6. Bryan Ferry Offisiell nettstad (Avonmore)
  7. Bryan Ferry på Later... with Jools Holland. BBC Television. (7. november 2014)
  8. YouTube (Bryan Ferry - «Loop De Li")
  9. Allmusic review
  10. [2]
  11. Pitchfork Media review
  12. «Avonmore Deluxe Edition». Roxy Music. Henta 26. juli 2021. 
  13. "Bryan Ferry – Avonmore". Lescharts.com. Hung Medien. Henta 26. juli 2021.
  14. "Offiziellecharts.de – Bryan Ferry – Avonmore" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 26. juli 2021.
  15. «Artisti - Classifica settimanale WK 47 (dal 17-11-2014 al 23-11-2014)» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Henta 26. juli 2021. 
  16. "Bryan Ferry – Avonmore". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 26. juli 2021.
  17. "Bryan Ferry | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 26. juli 2021.
  18. "Bryan Ferry Album & Song Chart History" Billboard 200 for Bryan Ferry. Prometheus Global Media. Henta 26. juli 2021.

BakgrunnsstoffEndra