Hanne Hukkelberg

norsk songar og komponist

Hanne Hukkelberg (fødd 17. april 1979) er ein norsk songar, komponist og produsent. Hukkelberg byrja å synga og spela instrument i ein alder av tre år. I ungdomen var ho vokalist for ulike band og konstellasjonar i sjangrar som jazz, rock og frijazz. Medan ho gjekk på vidaregåande skule var ho medlem av doom metal-bandet Funeral, der ho bidrog med vokal på det andre albumet deira, In Fields of Pestilent Grief.

Hanne Hukkelberg

Hanne Hukkelberg. Promobilete for albumet Trust (2017).Mal:Foot
Fødd17. april 1979 (44 år)
FødestadKongsberg kommune
OpphavKongsberg
AktivSidan 2003
SjangerPop, kunstrock, eksperimentell
Instrumentpiano, vokal
Tilknytte artistarEmilie Nicolas, Todd Terje, Highasakite
PlateselskapHukkelberg Music
Verka somSongar-låtskrivar
MorLiv Hukkelberg
PrisarSpellemannprisen i åpen klasse, Radka Toneff Minnepris, Edvard-prisen
Hanne Hukkelberg i Bush Hall 2

Hukkelberg vart uteksaminert frå Noregs musikkhøgskule i 2003 og etablerte seg som vokalist, komponist og multiinstrumentalist. I tillegg til å synga, spelar ho slagverk, piano og gitar. Kåre Chr. Vestrheim produserte den første EP-en til Hukkelberg, Cast Anchor (2003), og året etter debutplata hennar Little Things (2004). I 2006 gav Hukkelberg ut sitt andre album Rykestrasse 68, som fekk Spellemanprisen 2006 i open klasse. I 2007 mottok Hukkelberg Gammleng-prisen.

Etter omfattande turnering, inkludert ein Europa-turné med Wilco, og ein gjesteopptreden med José González på The Bowery Ballroom i New York, gav Hukkelberg ut Blood From a Stone (2009). Hukkelberg skreiv deretter ein av songane på lydsporet til filmen «Legenden om Narnia – Prins Caspian». Songen heiter «Lucy», etter ein av hovudkarakterane i filmen.

Etter å ha flytta til New York gav Hukkelberg ut det fjerde albumet sitt Featherbrain i 2012. I åra 2014 til 2016 arbeidde Hukkelberg med ei rekkje bestillingsverk, inkludert eit samarbeid med Todd Terje og Bryan Ferry på låten Johnny og Mary.

I 2017 gav ho ut eit album som inneheldt singlane «The Whip», «IRL» og «Emroidery».[1][2]

I 2018 komponerte Hukkelberg filmmusikken til dokumentarfilmen Røverdatter. Soundtracket vart utgjeve på Hukkelberg Music. Hukkelberg gav òg ut singelen «Stardust» på Brilliance Records. Låten vart skriven i Los Angeles i samarbeid med Victoria Zaro (USA), Halie (No) og Brittany B (USA).

Diskografi endre

Album endre

Tittel Detaljar
Little Things
  • Utgjeve: 8. mars 2004
  • Selskap: Propeller Recordings
  • Format: Digitalt, CD, vinyl
Rykestraße 68
  • Utgjeve: 4. september 2006
  • Selskap: Propeller Recordings
  • Format: Digitalt, CD, vinyl
Blood From A Stone
  • Utgjeve: 12. mai 2009
  • Selskap: Propeller Recordings
  • Format: Digitalt, CD, vinyl
Featherbrain
  • Utgjeve: 20. februar 2012
  • Selskap: Propeller Recordings
  • Format: Digitalt, CD, vinyl
Trust
  • Utgjeve: 20. oktober 2017
  • Selskap: Propeller Recordings
  • Format: Digitalt, CD, vinyl
Birthmark
  • Utgjeve: 16. august 2019
  • Selskap: Propeller Recordings
  • Format: Digitalt, CD, vinyl

EP-ar endre

Tittel Detaljar
Cast Anchor
  • Utgjeve: 9. mai 2009
  • Selskap: Propeller Recordings
  • Format: Digitalt

Prisar og nominasjonar endre

Kjelder endre

  1. «Jazzrusk og rennende vann». www.dn.no (på norsk). 
  2. «After five years away, Hanne Hukkelberg returns with the magnificent “The Whip”». The Line of Best Fit (på engelsk). 
  3. «Radka-pris til Hanne». 19. juli 2011. Henta 21. november 2020. 
  4. «Disse fikk årets Rolf Gammleng-priser». 6. november 2017. Henta 21. november 2020. 
  5. «EDVARD-prisen til Hanne Hukkelberg». 14. september 2020. Henta 21. november 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hanne Hukkelberg