The Jazz Age av The Bryan Ferry Orchestra
The Jazz Age Studioalbum av The Bryan Ferry Orchestra | ||
Språk | inkje språkleg innhald | |
Utgjeve | 26. november 2012 | |
Innspelt | 2012 | |
Studio | Studio One, Olympia, London | |
Sjanger | Orkester jazz, retroswing, trad jazz | |
Lengd | 37:46 | |
Selskap | BMG Rights Management | |
Produsent | Bryan Ferry, Rhett Davies | |
Bryan Ferry-kronologi | ||
---|---|---|
Olympia (2010) |
The Jazz Age | Avonmore (2014)
|
The Jazz Age er det fjortande studioalbumet til Bryan Ferry, gjeve ut under namnet The Bryan Ferry Orchestra. Albumet består av nyinnspelingar av Ferry og Roxy Music sine songar i 1920-tals jazzstil. Dei 13 songane vart valde ut frå 11 album, frå og med Roxy Music (1972) til det forrige studioalbumet hans, Olympia (2010). Albumet vart produsert av Ferry og Rhett Davies i lag med, med arrangement av Colin Good. Det kom ut 26. november 2012 i ei 10" vinyl folio-utgåve og på 12"-vinyl, CD og digitalt på BMG Rights Management.[1][3]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Impact | [2] |
Plateomslaget for The Jazz Age består av illustrasjonar av den kjende franske plakatkunstnaren Paul Colin (1892–1985).[4]
Ferry sjølv spelar ikkje på albumet, som hovudsakleg er instrumentalt. Ferry snakka om inspirasjonen bak nytolkingane i Clash: «Eg har på eit vis gått attende til musikken eg likte å lytte til då eg var ung gut, ni eller ti år gammal - eg var verkeleg ganske moden for alderen.»[5]
Albumet nådde 50. plassen på UK Albums Chart, som var den lågaste plasseringa i karrieren til Ferry.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Bryan Ferry, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Do The Strand» | 2:10 | |
2. | «Love Is the Drug» | Ferry, Andy Mackay | 3:14 |
3. | «Don’t Stop The Dance» | Ferry, Rhett Davies | 2:51 |
4. | «Just Like You» | 3:24 | |
5. | «Avalon» | 2:23 | |
6. | «The Bogus Man» | 2:07 | |
7. | «Slave to Love» | 2:38 | |
8. | «This Is Tomorrow» | 2:27 | |
9. | «The Only Face» | 2:57 | |
10. | «I Thought» | Ferry, Brian Eno | 2:36 |
11. | «Reason Or Rhyme» | 4:15 | |
12. | «Virginia Plain» | 2:14 | |
13. | «This Island Earth» | 4:24 |
Medverkande
endre- Bryan Ferry - bandleiar, komponist, produsent
- Martin Wheatley - gitar, banjo
- Chris Laurence - kontrabass
- Colin Good - piano, arrangement
- John Sutton - trommer
- Frank Ricotti - perkusjon
- Robert Fowler - tenorsaksofon, klarinett
- Alan Barnes - barytonsaksofon, klarinett
- Richard White - bass-saksofon, bassklarinett
- Katy Cox - cello
- Enrico Tomasso - trompet, kornett
- Malcolm Earle Smith - trombone
- Emma Parker, Victoria Sutherland - fiolin
- Emma Owens, Sarah Chapman - bratsj
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Jazz Age (The Bryan Ferry Orchestra album)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. november 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «The Jazz Age - The Bryan Ferry Orchestra, Bryan Ferry | Songs, Reviews, Credits». AllMusic.
- ↑ «Album Review: The Bryan Ferry Orchestra - The Jazz Age - Impact Magazine».[daud lenkje]
- ↑ music, Guardian (19. november 2012). «Bryan Ferry: The Jazz Age - exclusive album stream» – via www.theguardian.com.
- ↑ «Bryan Ferry – Official Website».
- ↑ «From Roaring To Roxy - Bryan Ferry». Clash Magazine.