Opna hovudmenyen

Ayn al-Sharqiyah (arabisk عين الشرقية, òg skrive Ain esh-Sharqiye) er ein by nordvest i Syria i Jableh-distriktet i Latakia guvernement, søraust for Latakia. Av stader i nærleiken finn ein Siyano i nordvest, Zama i nord, Ayn al-Kurum i nordaust, Beit Yashout i aust, Nahr al-Bared i søraust, Daliyah i sør, Dweir Baabda, Baniyas og Arab al-Mulk i sørvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Ayn al-Sharqiyah eit folketal på 2 359 i 2004. Han er det administrative senteret i ein nahiyah («underdistrikt») og består av 22 stader med eit samla folketal på 16 800 i 2004.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg alawittar.[2]

Ayn al-Sharqiyah
عين الشرقية, Ain esh-Sharqiye
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Latakia guvernement
Distrikt Jableh-distriktet
Nahiyah Ayn al-Sharqiyah
Koordinatar 35°19′55″N 36°5′55″E
Folketal 2 359 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. (arabisk)
  2. Balanche, Fabrice (2006). La région alaouite et le pouvoir syrien (PDF) (på fransk). Karthala Editions. ISBN 2845868189.