Baniyas
- Denne artikkelen handlar om landsbyen i Tartus guvernement. For byen i Golanhøgdene (Cæsarea Filippi), sjå Banias.
Baniyas (arabisk بانياس, Bāniyās) er ein by i Tartous guvernement, nordvest i Syria, ved foten av Qalaat el-Marqab (der krossfararborga Marqab eller Margat står), 55 km sør Latakia (i antikken Laodikea) og 35 km nord for Tartous (i antikken Tortosa). Han er eit katolsk bispesete under det latinske namnet Balanea, ei stilling som i dag er ledig.
Baniyas | |||
بانياس | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Tartus guvernement | ||
Distrikt | Baniyas-distriktet | ||
Koordinatar | 35°10′56″N 35°56′25″E / 35.18222°N 35.94028°E | ||
Folketal | 42 128 (2008 est.) | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Retningsnummer | 43 | ||
Baniyas 35°10′56″N 35°56′25″E / 35.182222222222°N 35.940277777778°E | |||
Kart som viser Baniyas.
| |||
Wikimedia Commons: Baniyas |
Han er kjend for frukthagane og eksport av tømmer. I dag er han mest kjend for oljeraffineriet nord for byen, eit av dei største i Syria. Her ligg òg eit energiverk.
Det ligg framleis mange sitrushagar i dei grøne åsane kring byen. På toppen av ein av åsane står borga Margat, ei stor johanittarborg bygd av svart basaltstein.
Historie
endreI fønikisk tid var han ein viktig hamneby, som grekarane kalla Balemia. Det kan ha vore i hellenistisk tid at byen lånte namnet Levkas (i følgje Stephanus Byzantius) frå øya vest i Hellas. Byen Balanaea, som er det latinske namnet, var ein koloni under Aradus (Strabon, XVI, 753), og vart plassert av Stephanus Byzantius i Fønikia, men høyrte til den romerske provinsen Syria. Den første kjend biskopen i byen var til stades ved Konsilet i Nikea i 325 (Lequien, Oriens Christ., II, 923).
Under den syriske borgarkrigen rapporterte opprørarar at ein massakre fann stad den 2. mai 2013, utført av regjeringsstyrkane. «Syrisk soldatar, med støtte av væpna menn frå nærliggande alawittarlandsbyar, strøymde inn i byen, sette hus i brann og brukte knivar, skytevåpen og slagvåpen til å drepe folk i gatene.»[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Baniyas» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Syrians flee 'massacres' in Baniyas and al-Bayda," BBC (4. mai 2013). Henta 5. juli 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- «Nicolò Arrighetti». Catholic Encyclopedia. New York: Robert Appleton Company. 1913.
- Gcatholic.org- Titular Sees[daud lenkje]