Asad Jammu og Kashmir

(Omdirigert frå Azad Kashmir)

Asad Jammu og Kashmir (AJK) er ein stat i Pakistan, i den sørlege delen av pakistansk Kashmir, danna av den vestlege delen av den tidlegare fyrstestaten Kashmir. Staten har grense mot indisk Kashmir i aust og mot dei pakistanske provinsane Panjab i sør, Den nordvestlege grenseprovinsen i vest og Gilgit-Baltistan, også ein tidlegare del av Kashmir, i nord.

Asad Jammu og Kashmir
provins
Flagg
Symbol
Land  Pakistan
Del av Pakistansk Kashmir
Hovudstad Muzaffarabad
Areal 13 297 km²
Folketal 4 567 982 (2008)
Grunnlagd 1948
Kart
Asad Jammu og Kashmir
33°56′17″N 73°45′52″E / 33.938083333333°N 73.764555555556°E / 33.938083333333; 73.764555555556
Wikimedia Commons: Azad Kashmir
Nettstad: http://www.ajk.gov.pk

Staten har rundt fire millionar innbyggjarar og dekker 13 297 km². Hovudstaden er Muzaffarabad. Den største byen er Mirpur. Urdu og engelsk er offisielle språk. Ellers snakkar ein hindko, mirpuri, pahari, gojri, panjabi og pasjto.

Historie endre

Ved Delinga av Britisk India fekk dei sjølvstyrande fyrstestatane høve til å velja kva land dei ville bli del av. Maharadja Hari Singh av Jammu og Kashmir utsette valet og prøvde å halda staten sjølvstendig. Dette gjekk ikkje i lengda. I oktober 1947 gjekk stammekrigere frå Den nordvestlege grenseprovinsen og stammeområda i Pakistan til åtak på fyrstestaten. Maharadjaen fekk indisk hjelp mot invasjonen ved å gå med på å bli indisk delstat. Indiske og pakistanske styrkar slost mot kvarandre og etablerte ei grense kjend som Line of Control. I 1949 gjekk landa gjekk med på ein våpenkvileavtale. Deretter delte Pakistan sin del av Kashmir inn i Dei nordlege områda (seinare Gilgit-Baltistan) og Asad Jammu og Kashmir.

I oktober 2005 blei Asad Jammu og Kashmir ramma av eit jordskjelv som målte 7,6 på Richters skala. Skjelvet hadde episenter nær Muzaffarabad, der rundt halvparten av bygningane fall saman. Rundt 30 000 menneske blei drepne i staten.

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Pakistan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.