Bård Jørgen Elden

Bård Jørgen Elden (fødd 17. juni 1968) frå Namdalseid er ein norsk, tidlegare kombinertrennar og seinare -trenar. Under VM 1989 var han med på det norske laget som vann gull i lagkonkurransen. Han vann ein siger i verdscupen i kombinert i 1989 og vart noregsmeister i 1992. Elden hadde sin styrke i langrennsløypa og hadde oftast beste langrennstid. Han representerte Namdalseid IL

Bård Jørgen Elden
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. juni 1968 (55 år)
Namdalseid kommune
Idrett kombinert
Tok del i

Vinter-OL 1992

Han er bror til skirennaren Trond Einar Elden.

Karriere endre

Elden debuterte i verdscupen i mars 1987 i Kavgolovo og vart nummer elleve. Året etter vart han som best nummer åtte i eit verdscuprenn. 21. januar 1989 vann han sitt fyrste og einaste verdscuprenn i Breitenwang, på plassane bak fylgde Stanislaw Ustupski frå Polen og Klaus Sulzenbacher frå Austerrike. Ein månad etter var det klart for ski-VM i Lahti, der bror hans tok ein klar siger i den individuelle tevlinga. Endå større var sigersmarginen for begge brørne Elden og Trond Arne Bredesen då dei tre sigra i lagtevlinga.

Bård Jørgen Elden heldt frå å tevle i kombinert, men var berre sjeldan i stand til å utfordre dei aller beste i kampen om pallplassane. Sjølv om han var den beste langrennsløparen av kombinertløparane hadde han som oftast for mykje tid å ta att etter hoppinga i bakken. Dermed fekk han knappast høve til å representere Noreg i dei internasjonale meisterskapane. Eit unnatak var ski-VM 1993 i Falun der han vart nummer åtte i den individuelle øvinga, men sidan Noreg hadde tre utøvarar høgre oppe på resultatlista fekk han ikkje plass på tremannslaget som deltok i lagtevlinga.

Trenar endre

Frå 1998 var Elden hopptrenar og åra 2003-06 sjef for det USA-amerikanske kombinertlandslaget. Han var trenar for Johnny Spillane då denne vart verdsmeister i 2003. Våren 2006 overtok han som sjef for det norske kombinertlandslaget. Perioden 2009-12 var han landslagstrenar for Austerrike, eit landslag som noterte seg for mange triumfar i dei gjeldande åra.

Besteplasseringar i internasjonale renn og meisterskap endre

  • 1988: Nr 8 i Seefeld
  • 1989: Vinnar i Breitenwang. Gullmedalje i lag i ski-VM i Lahti
  • 1990: Nr 5 i Kavgolovo
  • 1991: To gongar nr 9
  • 1991/92: Nr 3 i Strbske Pleso
  • 1993: Nr 8 i ski-VM i Falun. Nr 6 i Schonach
  • 1994: Nr 5 i Vuokatti
  • 1995: Nr 5 i Sapporo
  • 1995/96: Nr 2 i Steamboat Springs
  • 1996/97: Nr 6 i Steamboat Springs

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Bakgrunnsstoff endre