Spekkhoggar

kvalart

Spekkhoggar, vagn eller staurkval (Orcinus orca) er ein tannkval i delfinfamilien. Han kan verte om lag 10 meter lang og vege 10 tonn. Ein spekkhoggar kan ete 100 kilo fisk om dagen.

Spekkhoggar
Spekkhoggar
Spekkhoggar
Utbreiing og status
Status i verda: Datamangel
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av spekkhoggar
Utbreiinga av spekkhoggar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Delfinfamilien Delphinidae
Slekt: Orcinus
Art: Spekkhoggar O. orca
Vitskapleg namn
Orcinus orca
Spekkhoggar i Tysfjord.

Spekkhoggaren er det mest utbreidde av sjøpattedyra. Han er mest vanleg tempererte, kystnære farvatn, særleg i nordområda, men er å finna i alle typar farvatn.

Spekkhoggar samanlikna med menneske.

Skildring

endre

Spekkhoggaren er kjend for det særprega svarte og kvite mønsteret sitt. Størsteparten av dyret er svart medan teikningane er kvite, i nokre høve med innslag av gulkvitt eller raudgult, særleg i hovudregionen. Han har ein større kvit flekk bak kvart auge. Halsen og buksida er for det meste kvit eller gulkvit. Fargemønstret og ryggfinnen er unike for kvart individ.

Ein vaksen spekkhoggarhann kan bli opptil 9,5-10 meter lang og veg opp mot 8 tonn (6 tonn er normalt), spekkhoggarhoa er noko mindre og blir opptil 8,5 meter lang og veg gjerne ca. 5 tonn. Det gjer spekkhoggaren til den største av alle delfinar. Spekkhoggaren har også den høgaste finnen av alle kvalar, med ei høgd på opptil 2 meter hjå hannar.

Hoene kan bli opp mot 80-90 år gamle, sjølv om 50 år er meir normalt. Hannane kan bli 50-60 år gamle, men det normale er rundt 30 år.

Levevis

endre

Spekkhoggaren jaktar på byttedyr som fisk, sel, skate og hai. Dei jaktar ikkje menneske, men det finst døme på at spekkhoggarar i fangenskap har skada eller drepe dyrepassarane sine.

Dei er rekna som ein toppkonsument sidan dei ikkje sjølv er byttedyr.

Dyra er svært sosiale, og lever gjerne i stabile familiegrupper rundt ein matriark.

Det er usikkert kor mange spekkhoggarar som finst og fordi dyra lever spreidd i havet. Frå tidleg på 1970-talet har forskarar nytta fotoidentifikasjon for å finna ut meir om dette. Ein har gått ut frå at populasjonen har vore i attendegang sidan 1800-talet. Reeves og Leatherwood[1] estimerte i 1994 at talet var på rundt 100 000 dyr, mens Forney og Wade[2] i 2006 hevda at talet var minimum 50 000 dyr.

Kjelder

endre
  1. Reeves, R.R., and S. Leatherwood. 1994. «Dolphins, porpoises, and whales: 1994-1998 action plan for the conservation of cetaceans». IUCN, Gland, Switzerland.
  2. Forney, K.A., and P. Wade. 2006. «Worldwide distribution and abundance of killer whales». In: J.A. Estes, R.L. Brownell, Jr., D.P. DeMaster, D.F. Doak and T.M. Williams (eds.). «Whales, Whaling and Ocean Ecosystems». University of California Press, Berkeley, California. In Press.

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Spekkhoggar
  Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.