Baathpartiet i Irak

Baathpartiet (arabisk حزب البعث العربي الاشتراكي‎) var eit politisk parti i Irak frå 1949 til 2003, da det vart oppløyst av okkupasjonsmakta. Det kan finnast restar av Baath-organisasjonen illegalt i Irak også etter den tid. Baathpartiet var opphavleg syrisk, og er framleis (i slutten av 2006) regjeringsparti der. Dei to Baathpartia var elles uvenner i mesteparten av tida det irakiske Baathpartiet eksisterte.

Baathpartiet i Irak

GrunnleggjararSaladdin Bitar
Grunnlagt7. april 1947
Nedlagt23. februar 1966
HovudkvarterDamaskus
Ideologiantiamerikanisme, antisionisme, baathisme, arabisk nasjonalisme, nasserisme, Panarabisme, sekularisme, ettpartistat, arabisk sosialisme, autoritær Sjå dette på Wikidata
Flagget til Baathpartiet.

Baath tyder atterføding, og hovudinnhaldet i ideologien var pan-arabisk sekulær nasjonalisme. Skiparane av Baathrørsla var syriske, men også i Irak vart det raskt skipa eit Baath-parti, i 1949. Dei fleste medlemene var relativt godt utdanna og budde i byar. Baath-ideologien rekna alle arabiske land som regionar i éin arabisk nasjon, som burde sameinast eller i det minst stå saman. Baathprogrammet tala òg om «sosialisme», men det var svært uklårt kva dei la i det.

Historie endre

Baathpartiet i Irak var illegalt i 1950-åra, og arbeidde saman med andre i opposisjonen mot det britisk-støtta monarkiet, som vart styrta i 1958. Denne oppreisten gjorde slutt på britisk dominans i Irak. Men baathistane var ikkje nøgde med leiaren i den nye republikken, Abd al-Karim Qasim. USA var òg misnøgd med dei nære banda han syntest ha med Sovjetunionen. CIA blir påstått å stå bak mordforsøket på Qasim i 1959. Ein av attentatmennene var Saddam Hussein, og han måtte rømme frå landet da fleire baathistar vart arresterte klaga for landssvik. Baathpartiet vart atter illegalt, men den andre freistnaden på kupp mot Qasim lykkast, og Baathpartiet kom til makta i 1963, berre for å miste ho att nokre månader seinare på grunn av indre motsetningar.

Først i 1965 hadde baathistane kome over den indre striden, og partiet vart reorganisert med general Ahmad Hasan al-Bakr som leiar og Saddam som nestleiar. I 1968 gjorde dei kupp, og al-Bakr vart første Baath-presidenten i Irak.

Regimet har sidan 1968 i praksis fokusert meir på innanrikspolitiske saker enn pan-arabiske. Dei har offisielt freista skape eit sterkt og einskapleg Irak ved irakisk patriotisme og modernisering av landet. Den statlege sektoren har vore dominerande i viktige delar av økonomien, såleis mellom anna olje-industrien.

Sidan 1979 har Saddam vore partileiar i Baathpartiet og president i landet. Alle viktige avgjerder har sidan vore tekne av han, og han har vore omsynslaus mot opponentar innanfor partiet liksom annan opposisjon. Høgtståande baathistar har vorte skulda for kupplanar og avretta. Andre har vorte tvinga til å trekkje seg.

Etter den amerikansk-britiske okkupasjonen av Irak i 2003, vart Baathpartiet oppløyst.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Baathpartiet i Irak