Opna hovudmenyen
Back in the U.S.S.R.
Singel av The Beatles
frå albumet The Beatles
B-side «Don't Pass Me By» (Skandinavia) «Twist and Shout» (UK)
Utgjeve 22. november 1968
Innspelt 22–23. august 1968, EMI Studios i London
Sjanger Rock and roll[1]
Lengd 2:43
Selskap Apple
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin
Svensk- og dansk The Beatles-kronologi
«Hey Jude»
(1968)
Back in the U.S.S.R. «Get Back»
(1969)
Norsk The Beatles-kronologi
«Get Back»
(1969)
Back in the U.S.S.R. «The Ballad of John and Yoko»
(1969)
Britisk The Beatles-kronologi
«Yesterday»
(1976)
Back in the U.S.S.R. «Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band» /
«With a Little Help from My Friends»
(1978)

«Back in the U.S.S.R.» er ein song frå 1968 av The Beatles, tilskriven Lennon/McCartney, men hovudsakleg skriven av Paul McCartney.[2] Songen opnar dobbeltalbumet The Beatles, ofte berre kalla The White Album. Songen glir rett over i neste song på albumet, «Dear Prudence».

Songen opnar og lukkar med lyden av eit jetfly som landar, og viser til ein «skrekkeleg» flytur tilbake til U.S.S.R. (Sovjetunionen) frå Miami Beach i USA. Songen er dominert av McCartney på piano og sologitarriff og teksten omhandlar kor glad hovudpersonen er for å kome heim at, der «the Ukraine girls really knock me out» og «Moscow girls make me sing and shout».

Tittelen på songen er ein hyllest til Chuck Berry sin «Back in the U.S.A.», medan refrenget er ein hyllest til «California Girls» av Beach Boys. Songen inneheld òg ein referanse til «Georgia on My Mind» av Hoagy Carmichael.

«Back in the U.S.S.R.» vart av Parlophone gjeve ut på singel i Storbritannia i 1976 med «Twist and Shout» som B-side.

Problem i bandetEndra

Under innspelinga The Beatles arbeidde dei fire medlemmene ofte kvar for seg for å halde spaninga seg imellom så låg som mogeleg. 22. august 1968 førte det dårlege humøret til at Ringo Starr forlét studio og annonserte at han hadde slutta i bandet.[3]

«Back in the U.S.S.R.» og «Dear Prudence», dei to første songane på albumet, vart spelte inn utan Starr, og McCartney spelte stort sett trommene på desse.

Starr kom tilbake nesten to veker seinare den 4. september, då han deltok i filminga av promovideoane til «Hey Jude» og «Revolution».

MedverkandeEndra

I følgje Ian MacDonald[4] og Mark Lewisohn:[5]

Andre versjonarEndra

Fleire andre artistar har gjort sine utgåver av songen, mellom anna Chubby Checker, John Fred & His Playboy Band, Dead Kennedys, Leningrad Cowboys, Sigourney Weaver, Guns N’ Roses, Type O Negative

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  1. Campbell 2008, s. 175.
  2. Barry Miles (1997). Paul McCartney: Many Years From Now. New York: Henry Holt & Company. s. 422–423. ISBN 0-8050-5249-6. 
  3. Mark Lewisohn (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. s. 151. ISBN 0-517-57066-1. 
  4. MacDonald 2005, s. 309.
  5. Lewisohn 2005, s. 151.