Songen Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band
Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band Singel av The Beatles frå albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 14. august 1978 (US) 30. september 1978 (UK) | |
Innspelt | 1. februar–6. mars 1967, EMI, London | |
Sjanger | psykedelisk rock,[1] hardrock[2] | |
Lengd |
| |
Selskap | Parlophone, Capitol, EMI | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
Produsent | George Martin | |
Amerikansk The Beatles-kronologi | ||
«Ob-La-Di, Ob-La-Da» (1976) |
Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band | «The Beatles Movie Medley» (1982)
|
«Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band» er ein song skriven av Paul McCartney (tilskriven Lennon–McCartney), og først spelt inn og gjeven ut i 1967 for albumet med same namn av The Beatles. Songen er to gonger på albumet: som opningsspor (som glir inn i «With a Little Help from My Friends»), og som «Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band (Reprise)», den nest siste songen på albumet (som glir over i «A Day in the Life»). Som tittelspor introduserer teksten det oppdikta bandet som spelar på albumet.
Etter at albumet kom ut har «Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band» òg blitt gjeven ut på forskjellige Beatles-singlar og samleplater. Songen har òg blitt framført av fleire andre artistar, som Jimi Hendrix, U2 og ei komisk tolking av Bill Cosby.
Låtskriving og innspeling
endreI november 1966, på ein flytur attende til England etter ein ferietur, fekk McCartney ideen om eit rollespel for eit heilt album, der kvar av medlemmane i The Beatles vart eit alter-ego i «Lonely Hearts Club Band», som så skulle spele ein konsert føre eit publikum. Inspirasjonen skal ha kome då scenearbeidaren Mal Evans spurte McCartney kva bokstavane «S» og «P» stod for på serveringsbrettet dei fekk på flyet. McCartney forklarte at det stod for salt og pepper. Dette førte så til konseptet for Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band, i tillegg til ideen om songen.[3][4]
Turnémanageren Neil Aspinall føreslo ideen om at Sgt. Pepper skulle vere compère, og at songen skulle kome opp att mot slutten av albumet.[5] The Beatles spelte inn songen i Abbey Road studio 2, med George Martin som produsent og Geoff Emerick som lydteknikar. Arbeidet på songen byrja 1. februar 1967, og etter tre innspelingsdagar var songen ferdig 6. mars 1967.[6]
Songstrukturen
endrePå albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band opnar songen med lyden av eit publikum som skravlar og eit orkester som stemmer instrumenta sine, som kom frå eit opptak 10. februar av orkesteret til «A Day in the Life».[7] Publikumslydane vart redigert inn i songen og vart spelt inn tidleg i 1960-åra av Martin, under eit konsertopptak for sceneshowet Beyond the Fringe. Songstrukturen:
- Introduksjon (instrumental)
- Vers
- Mellomspel (instrumental)
- Refreng
- Mellomspel
- Vers
- Solo og overgang til «With a Little Help from My Friends».[6]
Songen er i G-dur med ein 4/4-takt. Ein valthornkvartett vart nytta til å fylle ut instrumentalpartia.[6]
«Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band (Reprise)» er ein reprise av songen i eit kjappare temp og med tyngre instrumentering.
Utgjeving
endreSongen vart opphavleg gjeven ut i Storbritannia den 26. mai 1967 og i USA den 2. juni 1967 på albumet Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band.[6]
Då avtalen til The Beatles med EMI gjekk ut i 1976, kunne EMI gje ut musikken frå Beatles-katalogen på ny, og i 1978 gav dei ut «Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band»/«With a Little Help from My Friends» som A-sida til ein singel, med «A Day in the Life» som B-side. Singelen kom ut på Capitol i USA den 14. august og nådde 71. plassen på Billboardlista den 30. september 1978, der han låg i to veker. Singelen vart gjeven ut på Parlophone i Storbritannia i september.[8][9]
Land | Liste | Plassering |
---|---|---|
UK | Music Week | 63[10] |
US | Billboard Hot 100 | 71[11] |
US | Cash Box | 92[12] |
US | Record World | 103[13] |
Den originale innspelinga av songen kom ut på samlealbuma 1967-1970 (1973) og Yellow Submarine Songtrack (1999). Ein gjennomgang av reprisen er med på albumet Anthology 2 (1996).
Medverkande
endreFull versjon:
- Paul McCartney – solovokal, rytmegitar, bassgitar, sologitar
- John Lennon – harmonivokal
- George Harrison – harmonivokal, solo/rytmegitar
- Ringo Starr – trommer
- George Martin – organ, producer
- Neill Sanders – valthorn
- James W. Buck – valthorn
- Tony Randell – valthorn
- John Burden – valthorn
Reprise:
- Paul McCartney – solovokal, bass, Hammondorgel
- John Lennon – solovokal, rytmegitar
- George Harrison – solovokal, sologitar
- Ringo Starr – trommer, tamburin, maracas
- Personell per Ian MacDonald, Mark Lewisohn og Olivier Julien.[14][15][16]
Andre versjonar
endreI 1967 spelte Jimi Hendrix songen på ein konsert på Saville Theatre i Shaftesbury Avenue, med løyve frå Brian Epstein, berre tre dagar etter han kom ut på plate, og med McCartney og Harrison i publikum.[17][18] Eit konsertopptak av Hendrix vart spelt inn i Isle of Wight-festivalen og kom ut på albumet Blue Wild Angel: Live at the Isle of Wight.
«Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band» vart aldri framført på konsert av The Beatles. Han vart derimot framført av tre av bandmedlemmane (McCartney, Harrison and Starr) i tillegg til Eric Clapton den 19. mai 1979 på bryllaupsfesten til Clapton.[19]
Paul McCartney spelte songen på The Paul McCartney World Tour i 1989–90.[20] På andre turnear spelte han repriseversjonen og brukte han som intro til «The End». Då versjonen kom ut stod han trykt som «Sgt. Pepper's/The End».
I 1988 spelte puddelrockbandet Zinatra songen på ein arenaturné i Europa, der dei opna for David Lee Roth.[21] Zinatra spelte òg songen med tittelen «Peppermania» på debutalbumet deira i 2004.[22]
McCartney og U2 spelte songen på byrjinga av Live 8-konserten i Hyde Park i London den 2. juli 2005.[23] Songen, som byrjar med «It was twenty years ago, today» («det er tjue år sidan i dag»), vart vald fordi det var omtrent tjue år sidan Live Aid hadde funne stad.[24] Songen vart gjeven ut på singel på iTunes, og sette verdsrekord for den raskast seljande nettbaserte utgjevinga nokon gong.[25]
I 2007 spelte Bryan Adams og Stereophonics inn begge versjonane av songen for It Was 40 Years Ago Today, ein fjernsynsfilm der nyare artistar spelte inn albumet i same studio og med same teknikarar og innspelingsutstyr som på originalen.[26]
Den 4. april 2009 framførte McCartney songen på ein veldedig konsert i Radio City Music Hall i New York og han glei inn i «With a Little Help From My Friends», som var sungen av Starr.[27]
I 2009 gav Cheap Trick ut eit konsertalbum og ein DVD kalla Sgt. Pepper Live, der dei speler heile albumet.
I 2011 framførte Robbie Williams songen på Take That sin Progress-turné, og erstatta «Sgt Pepper's Lonely Hearts Club Band» med «Robbie Williams and the Take That Band», og «Mr Martin told the Band to play» – ein referanse til manageren til Take That i 1990-åra, Nigel Martin-Smith.
I 2013 vat songen framført av besetninga i TV-serien Glee og episoden «Tina in the Sky with Diamonds».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- The Beatles. (2003) (DVD). The Beatles Anthology. microsoft. ASIN: B00008GKEG.
- Ansaldo, Michael (3. juli 2005). «McCartney, U2 Rock Live 8». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 6. desember 2008. Henta 14. mars 2018.
- «The Beatles Anomalies List». 2011. Henta 12. juni 2011.
- Davies, Hunter (2004). The Beatles. W. W. Norton & Company. ISBN 978-0-393-31571-4.
- «Dubbed applause and music-hall overtones». Scotsman.com. 25. mai 2007. Henta 14. mars 2018.
- Epstein, Dan (2007). «Review of Tripping the Live Fantastic». Amazon.com. Henta 14. mars 2018.
- Everett, Walter (1999). The Beatles as Musikars: Revolver through the Anthology. Oxford University Press. ISBN 0-19-512941-5.
- Haber, Dave (2007). «The Beatles Singles and EP Discography». The Internet Beatles Album. Arkivert frå originalen 2. februar 2007. Henta 14. mars 2018.
- Harry, Bill (2000). The Beatles Encyclopedia. Virgin Publishing. ISBN 0-7535-0481-2.
- Lewisohn, Mark (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. ISBN 0-517-57066-1.
- «London Live 8 performances rated». BBC News. 3. juli 2005. Henta 14. mars 2018.
- MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (Second Revised utg.). London: Pimlico (Rand). ISBN 1-84413-828-3.
- MacDonald, Ian (2008). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (Third Revised utg.). London: Vintage. ISBN 1-84413-828-3.
- Martin, George; Hornsby, Jeremy (1994). All You Need Is Ears. New York: St. Martin's Griffen. ISBN 0-312-11482-6.
- Miles, Barry (1997). Paul McCartney: Many Years From Now. New York: Henry Holt & Company. ISBN 0-8050-5249-6.
- «The night Jimi Hendrix played tribute to the Beatles». NME. 2007. Henta 5. desember 2007.
- «Notebook of lyrics for sale». BBC News. 7. august 1998. Henta 14. mars 2018.
- «Paul McCartney in the 'Guinness Book of Records'». Softpedia. 2007. Arkivert frå originalen 28. april 2007. Henta 14. mars 2018.
- Pollack, Alan W (21. november 1995). «Notes on "Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band». Notes on ... Series.
- Riley, Tim (2002). Tell Me Why: A Beatles commentary (Second utg.). Cambridge: Da Capo Press. ISBN 0-306-81120-0.
- «Review of Back In The US». Amazon.com. 2010.
- «Sergeant Pepper's 40th Anniversary». BBC News. 2007. Henta 14. mars 2018.
- «Sgt Pepper». The Beatles Interview Database. 2008. Henta 14. mars 2018.
- «Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band (1978)». IMDb. 2007. Henta 14. mars 2018.
- Spitz, Bob (2005). The Beatles: The Biography. New York: Little, Brown and Company. ISBN 1-84513-160-6.
- Wallgren, Mark (1982). The Beatles on Record. New York: Simon & Schuster. ISBN 0-671-45682-2.
- Womack, Kenneth (2014). The Beatles Encyclopedia: Everything Fab Four. Santa Barbara, CA: ABC-CLIO. ISBN 978-0-313-39171-2.
- Cross, Craig (2005). The Beatles: Day-by-day, Song-by-song, Record-by-record. ISBN 0-595-34663-4.
- Julien, Olivier (2008). Sgt. Pepper and the Beatles: it was forty years ago today. ISBN 0-7546-6708-1.
- Lewisohn, Mark. Sessionography in Sgt Peppers Lonely Hearts Club Band [CD booklet]. Apple/EMI Records.
- ↑ «review av songen». Richie Unterberger. Henta 1. januar 2011.
- ↑ MacDonald 2005, s. 233.
- ↑ Miles 1997, s. 303–304.
- ↑ The Beatles 2003, Episode 6, 0:41:54.
- ↑ The Beatles 2003, Episode 6, 0:43:21.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 Pollack 1995.
- ↑ Lewisohn 1988, s. 101.
- ↑ IMDb 2007.
- ↑ Haber 2007.
- ↑ Harry 2000, s. 261.
- ↑ Wallgren 1982, s. 123.
- ↑ Harry 2000, s. 271.
- ↑ Harry 2000, s. 273.
- ↑ MacDonald 2005, s. 232, 248.
- ↑ Lewisohn 1988, s. 95, 101, 107.
- ↑ Julien 2008, s. 59.
- ↑ The Beatles 2003, Episode 6, 0:59:39.
- ↑ NME 2007.
- ↑ Womack 2014, s. 158.
- ↑ Epstein 2007.
- ↑ «Zinatra Concert Setlist at Olympen, Lund on 7. desember 1988 – setlist.fm». setlist.fm.
- ↑ «Zinatra Zinatra (CD Album)- Spirit of Metal Webzine (en)».
- ↑ BBC News 2005.
- ↑ Ansaldo 2005.
- ↑ Softpedia 2007.
- ↑ BBC News 2007.
- ↑ «Paul McCartney and Friends: Change Begins Within». Radio City Music Hall. New York, NY: Madison Square Garden. Arkivert frå originalen 21. januar 2010. Henta 27. mars 2010.