Back to Back av Status Quo

Back to Back
Studioalbum av Status Quo
Språk engelsk
Utgjeve 25. november 1983
Innspelt 1983
Studio AIR Studios i Montserrat
Sjanger Hardrock, poprock
Lengd 32:55
Selskap Vertigo
Produsent Status Quo
Status Quo-kronologi 
Live at the N.E.C.
(1982)
Back to Back In the Army Now
(1986)


Singlar frå Back to Back
  1. «Ol' Rag Blues»
    Utgjeve: August 1983
  2. «A Mess of Blues»
    Utgjeve: Oktober 1983
  3. «Marguerita Time»
    Utgjeve: November 1983
  4. «Going Down Town Tonight»
    Utgjeve: Mai 1984

Back to Back er det 16. studioalbumet til det engelske rockebandet Status Quo, gjeve ut i november 1983. For første gong i historia til gruppa, inneheld det fire singlar, «Ol' Rag Blues» (9. plass på den britiske singellista), «A Mess of Blues», opphavleg ein hit for Elvis Presley (15. plassen), «Marguerita Time» (3. plassen) og «Going Down Town Tonight» (som nådde 20. plassen i ein noko annleis, nyinnspelt versjon). Sjølve albumet nådde niandeplassen på den britiske albumlista.

Dette var det siste albumet gruppa spelte inn før dei mellombels vart oppløyst i 1985, og derfor det siste med den originale bassisten Alan Lancaster og trommeslagaren Pete Kircher. Lancaster var medlåtskrivar på den første singelen, «Ol' Rag Blues», i lag med Keith Lamb, frontmann i dei britiske banda The Kase, Sleepy Talk og Mr. Toad og det australske bandet Hush. Lancaster vart sint då produksjonsselskapet nekta å gje ut versjonen med han sjølv på solovokal (som sidan kom ut som bonusspor på ei nymastra utgåve frå 2006) og i staden gav ut ein versjon sungen av Francis Rossi. Han mislikte òg sterkt «Marguerita Time», som han meinte var for popprega for gruppa. Då dei dukka opp på Top of the PopsBBC for å mime til singelen, vart han erstatta av Jim Lea frå Slade, som òg var på programmet den veka. Framføringa på Top of the Pops var òg kjend for at Rick Parfitt fall oppå trommene til Pete Kircher mot slutten av songen, medan songen heldt fram.

Innhald

endre
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«A Mess of Blues»Doc Pomus, Mort Shuman3:23
2.«Ol' Rag Blues»Alan Lancaster, Keith Lamb2:51
3.«Can't Be Done»Francis Rossi, Bernie Frost3:07
4.«Too Close to the Ground»Rick Parfitt, Andrew Bown3:43
5.«No Contract»Parfitt, Bown3:40
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Win or Lose»Rossi, Frost2:35
7.«Marguerita Time»Rossi, Frost3:27
8.«Your Kind of Love»Lancaster, Ferguson Skinner3:24
9.«Stay the Night»Rossi, Frost, Andrew Miller3:02
10.«Going Down Town Tonight»Guy Johnson3:33
Bonusspor på 2006-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«The Wanderer»Ernie Maresca3:27
12.«Going Down Town Tonight» (singelversjon)Johnson3:38
13.«I Wonder Why»Rossi, Frost3:59
14.«Ol' Rag Blues» (utvida versjon)Lancaster, Lamb4:54
15.«A Mess of Blues» (utvida versjon)Pomus, Shuman4:48
16.«Cadillac Ranch» (Unytta opptak)Bruce Springsteen4:15
17.«Ol' Rag Blues» (Alan Lancaster-versjonen)Lancaster, Lamb2:49
18.«The Wanderer» (Sharon the Nag-miks)Ernie Maresca3:34

Medverkande

endre

Status Quo

Andre medverkande
  • Bernie Frost – korvokal
  • Tim Summerhayes – lydteknikar
  • Steve Churchyard – lydteknikar

Salslister og salstrofé

endre

Vekeslister

endre
Liste (1983) Plassering
Nederlandske album (MegaCharts)[1] 26
Tyske album (Media Control)[2] 60
Svenske album (Sverigetopplistan)[3] 38
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[4] 20
Britiske album (OCC)[5] 9

Salstrofé

endre
Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[6] Gull 100 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder

endre
  1. "Status Quo – Back to Back". Dutchcharts.nl. Hung Medien.
  2. "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control.
  3. "Status Quo – Back to Back". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  4. "Status Quo – Back to Back". Swisscharts.com. Hung Medien.
  5. "Status Quo | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  6. «British album salstrofé – Status Quo – Back to Back». British Phonographic Industry.  Enter Back to Back in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go