Baffinøya

(Omdirigert frå Baffin-øya)

Baffinøya (engelsk: Baffin Island) er ei av dei arktiske øyane i det nordlege Canada i territoriet Nunavut. Det er største øya i Canada, og den femte største øya i verda, med eit areal på 507 451 km². Øya har ein folkesetnad på 11 000 (2004), og er kalla opp etter den engelske oppdagaren William Baffin. Vikingane kalla øya for Helluland, oppdaga av Leiv Eriksson.

Baffinøya
Satellittbilete av Baffinøya

GeografiEndra

Øya er dekt av fjell og den høgaste toppen er Mount Blanche på 2 146 meter over havet. Ein annan og særprega fjelltopp er Mount Asgard på 2 011 moh. Iqaluit, som fram til 1987 heitte Frobisher Bay, er hovudstaden i Nunavut og ligg på sørkysten av øya.

Sør for øya ligg Hudsonsundet og Quebec på fastlandet. I aust ligg Davissundet og Baffinbukta og bortanfor der igjen ligg Grønland. I vest og i nord, Foxesjøen, Boothiabukta og Lancastersundet som skil Baffinøya frå resten av øyriket.

 
Baffinøyas plassering i Canada

TettstaderEndra

Største tettstader (2001):

  1. Iqaluit (5 236)
  2. Pangnirtung (1 243)
  3. Pond Inlet (1 220)
  4. Clyde River (785)
  5. Arctic Bay (646)
  6. Kimmirut (433)