Bahusvatnet
Bahusvatnet er eit langstrekt vatn i Bergen kommune i Vestland. Det ligg ved Kalandseidet i Fana mellom Bahus og Fortunet i vest og Lyngbø i aust. Vatnet er kring 500 meter langt og opp mot 100 meter breitt. Vatnet ligg 53 meter over havet, nesten like høgt som Hauglandsvatnet, som ligg oppfor, og Røykenesvatnet som ligg nedanfor.
Bahusvatnet | |||
innsjø | |||
Bahusvatnet
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bergen | ||
Tilsig | Straumane | ||
Utløp | Straumen | ||
Høgd over havet | 53,2 moh. | ||
Lengd | 0,5 km | ||
Breidd | 0,1 km | ||
Koordinatar | 60°16′N 5°26′E / 60.267°N 5.433°E | ||
Bahusvatnet 60°15′45″N 5°26′24″E / 60.262544444444°N 5.4400805555556°E |
Alle desse vatna høyrer til Osvassdraget
Frå Bahusvatnet strekkjer Eidatjørna seg austover mot sjølve Kalandseidet. Mellom Bahusvatnet og Hauglandsvatnet ligg eit stykke som vert kalla Straumane, medan Straumen går mellom Bahusvatnet og Røyekensvatnet.
Kjelder
endre- Bergenskart - stednavnskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.