Eidatjørna
Eidatjørna er eit lite vatn i Bergen kommune i Hordaland. Det ligg ved Kalandseidet i Fana mellom Bahusvatnet og sjølve eidet. På andre sida av eidet ligg Kalandsvatnet. Eidatjørna er i røynda berre ei vik i Bahusvatnet, og berre eit 15 meter smalt og 30 meter langt sund, som lokalt berre vert kalla Sundet, ligg mellom dei.
Eidatjørna | |||
innsjø | |||
Eidatjørna sett frå Ørnahaugane
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Kommune | Bergen | ||
Utløp | Bahusvatnet | ||
Høgd over havet | 53 moh. | ||
Lengd | 0,5 km | ||
Breidd | 0,2 km | ||
Koordinatar | 60°16′52″N 5°26′15″E / 60.28111°N 5.43750°E | ||
Eidatjørna 60°15′52″N 5°26′15″E / 60.264444444444°N 5.4375°E |
Vatnet høyrer til Osvassdraget.
Langs breidda av vatnet ligg gardane Kaland i nord og nordaust, Fortunet i vest og Bahus i sør og søraust.
Kjelder
endre- Bergenskart - stednavnskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.