Bahus
Bahus er ein gard i Fana i Bergen kommune på sørsida av Kalandseidet mellom Eidatjørna og Røykenesvatnet på grensa til Os kommune.
Bahus | |||
stad | |||
Bahus
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Bergen | ||
Postnummer | 5229 KALANDSEIDET | ||
Gardnummer | 73 | ||
Ferdselsårer | E39 Osvegen, Bahustræet, Bahusstraumen | ||
Bahus 60°15′36″N 5°26′31″E / 60.26°N 5.4419444444444°E | |||
Wikimedia Commons: Bahus |
Europaveg 39 kryssar garden. Det er framleis gardsdrift her.
Namn
endreNamnet skal vere i oppkalling etter den gamle grensefestninga Bohus (Båhus) i Sverige.
Historie
endreGarden er første gong nemnt i 1603 og høyrte lenge til Lyseklostergodset. Sidan 1873 har garden vore i sjølveige.
Geografi
endreGarden ligg sør for Kalandseidet og grensar til Os kommune i sør. I aust ligg fjellet Nordhordlandskulten (389 moh), i søraust Røykenesvatnet og i nordaust Bahusvatnet. Desse vatna og Straumen, som går mellom dei er ein del av Oselvo.
Utanom Os kommune i sør og aust, grensar garden til Lyngbø i nordaust, Kaland i nord og Fortunet i vest.
Kjelder
endre- Gunnar Hagen Hartvedt og Norvall Skreien (2009). Bergen Byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-1761-4.
- Bergenskart - stednavnskart Arkivert 2020-02-17 ved Wayback Machine.