Bajkonur
Bajkonur (kasakhisk Байқоңыр, Bajkonyr; russisk Байконур, Bajkonur, tidlegare kalla Leninsk) er ein by i Kasakhstan i Kyzylorda oblast med om lag 55 000 innbyggjarar. Byen har ein spesiell status i landet og byen og området rundt vert leigd ut til og styrt av Russland. Han vart grunnlagd for å tene Kosmodrom Bajkonur, staden der russarane skyt opp romrakettane sine, og vart offisielt omdøypt til Bajkonur av Boris Jeltsin 20. desember 1995.
Bajkonur | |||
Байқоңыр | |||
by | |||
|
|||
Land | Kasakhstan | ||
---|---|---|---|
Oblast | Kyzylorda | ||
Høgd | 100 m | ||
Areal | 57 km² | ||
Folketal | 39 161 (2018)[1] | ||
Grunnlagd | 1955 | ||
Tidssone | UTC+5 | ||
Postnummer | 101503 | ||
Retningsnummer | +7 33622 | ||
Bajkonur 45°37′48″N 63°18′50″E / 45.63°N 63.314°E | |||
Plasseringa i Kasakhstan
| |||
Wikimedia Commons: Baikonur city |
Den opphavlege Bajkonur var ein gruveby nokre hundre kilometer lenger nordaust, nær Dzjezkazgan i Karganda oblast. Oppskytingsstaden fekk visstnok dette namnet for å skape forvirring og halde staden hemmeleg.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://stat.gov.kz/getImg?id=ESTAT285783; vitjingsdato: 2. desember 2018.
- Denne artikkelen bygger på «Baikonur» frå Wikipedia på engelsk, den 19. januar 2008.