Bakkekløver
Bakkekløver |
![]() Bakkekløver
|
Vitskapleg namn |
Trifolium montanum |
Utbreiing |
Status i Noreg: ![]() |
Habitat: åpen, tørr, kalkholdig jord, tørrenger, bakker og åpen løvskog |
Område: Europa |
Systematikk |
Bakkekløver (Trifolium montanum) er ein plante i ertefamilien som er utbreidd i Europa. Han har berre har éin naturleg veksestad i Noreg, på Hovedøya sør for Oslo. Bakkekløver er fylkesblomster i Oslo.
UtsjånadEndra
Bakkekløveren har grov jordstengel og stive mjukhåra stenglar. Han veks oppreist og vert om lag 25 cm høg. Blada er tettnerva, snaue på oversida og silkehåra på undersida. Planten har eit rundt blomsterhovud med gulkvite blomstrar.
UtbreiingEndra
Bakkekløveren veks på tørre, kalkhaldige bakkar med god lystilgang.
I Noreg veks bakkekløveren berre naturleg ein stad, på Hovedøya i Oslo. Dei kalkhaldige skiferberga på Hovedøya er ein nordvestleg utpost for denne arten, som elles høyrer heime på steppene i Mellom- og Sør-Europa, Kaukasus og i Iran. Bakkekløver finst òg nokre stader søraust i Sverige. I nyare tid er han innført til Eidanger.
KjelderEndra
- Johannes Lid Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2
- Knut Fægri: Norges planter J.W. Cappelens Forlag 1958
- Botanisk museum