Balikh er ei elv som spring ut i 'Ayn al-'Arus i Syria. Ho renn sørover og munnar ut i Eufrat ved den moderne byen Ar-Raqqah. Etter Khabur-elva, er Balikh den største sideelva til Eufrat i Syria. Ho er ei viktig vasskjelde og store delar av ho er kanalisert.

Balikh
arabisk البليخ
elv
Land  Syria
Land i tilsigsområde Tyrkia
Tilløp
 •  venstre Jullab
 •  høgre Wadi Qaramogh
Nedslagsfelt 14 400 km²
Byar Tal Abyad
Lengd 100 km
Areal 14 400 km²
Vassføring for 'Ayn al-'Arus[1]
 •  middel /s
 •  maks 12 /s
 •  min /s
Kjelde 'Ayn al-'Arus
 •  høgd 350 moh.
 - koordinatar 36°40′13″N 38°56′24″E / 36.67028°N 38.94000°E / 36.67028; 38.94000
Munning Eufrat
 - koordinatar 35°55′21″N 39°4′40″E / 35.92250°N 39.07778°E / 35.92250; 39.07778
Kart
Balikh
35°55′34″N 39°04′42″E / 35.92606937°N 39.07826185°E / 35.92606937; 39.07826185
Wikimedia Commons: Balikh River
[2][3][4]

Hovudkjelda til Balikh er ei kartisk kjelde i 'Ayn al-'Arus, like sør for den syrisk-tyrkiske grensa. I tillegg får Balikh vatn frå periodevis elvar og wadiar frå Harransletta i nord, samt slette vest og aust for elvedalen. DEsse er Jullab, Wadi Qaramogh og Wadi al-Kheder.

Historie

endre

Balikh dannar hjartet i eit område med rik kultur. Ved breiddene er det mange busetnader som er datert attende til steinalderen, på 5000-talet fvt. I antikken var Tuttul (nær dagens ar-Raqqah i Balikhdeltaet) og Tell Chuera i nord (ved Wadi Hamad nær Balikh) viktige byar. I løpet av tusenåra har regionen sett mykje samhandling mellom nomadiske folk og faste busetnader.

I antikken vart regionen kalla Osroene med Edessa/Callirrhoe (ar-Ruha') som hovudstad. Ar-Ruha' og andre viktige byer i antikken i Balikhdalen, som Harran (romersk Carrhae), er omtalt i muslimske og jødiske tradisjonar i sogene om Abraham og andre hebraiske patriarkar. Etter den islamske erobringa på 600-talet, vart regionen kalla opp etter eit arabisk folk, Diyar Mudar, landet til mudarane. I 762 bygde kalif al-Mansur ein garnisonbyen ved samløpet til Eufrat, Ar-Rafiqa, som voks saman med den hellenistiske byen Kallinikos til byen Ar-Raqqah.

Kjelder

endre
  1. The discharge figures predate the introduction of large-scale irrigation works i the valley and may have changed significantly since then.
  2. Wirth, E. (1971). Syrien. Eine geographische Landeskunde. Darmstadt: Wissenschaftliche Buchgesellschaft. s. 110. ISBN 3-534-02864-3. 
  3. Wilkinson, T.J. (1998). «Water and human settlement i the Balikh Valley, Syria: investigations from 1992-1995». Journal of Field Archaeology (Boston University) 25 (1): 63–87. JSTOR 530458. doi:10.2307/530458. 
  4. «Volume I: Overview of present conditions and current use of the water i the marshlands area/Book 1: Water resources» (PDF). New Eden Master Plan for integrated water resources management i the marshlands areas. New Eden Group. 2006. Arkivert frå originalen (PDF) 27. juli 2011. Henta 11. oktober 2009.