Bamblefeltet
Bamblefeltet er eit geologisk område i Kongsberg-Bamblefeltet som er ein del av det sørnorske grunnfjellsområdet. Området strekkjer seg langs kysten frå Langesundsfjorden til Kristiansand og grensar i vest mot Telemarksfeltet.
Bergartane er danna i prekambrium frå 1250 millionar år sidan og har etter det gjennomgått omfattande metamorfose. Bergartane består av sillimanitt-gneis, cordieritt-antofyllitt-bergartar, kvartsitt og andre sterkt omdanna bergartar saman med gneis, amfibolitt, gabbro og granitt. Feltet vart danna og omdanna under den svekonorvegiske orogenesen for 1100-1150 millionar år sidan, med noko gjennomtrengingar av granitt seinare.
Gjennom Norsk bergindustrihistorie er det drive omfattande gruvedrift på jernmalm ved Arendal, nikkelhaldig magnetkis, kobolt, rutil, apatitt, feltspat og kvarts.
Kjelder
endre- «Bamblefeltet» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Bamblefeltet» frå Wikipedia på bokmål, den 24. februar 2010.