Pyrrhotitt
(Omdirigert frå Magnetkis)
Pyrrhotitt, pyrrhotin eller magnetkis er eit ertsmineral med bronseaktig farge og metallisk glans. Det består av jarn og svovel. og formelen kan skrivast Fe1−xS, sidan strukturen er defekt og det alltid er for lite jarn til stades. Dei magnetiske eigenskapane og krystallsymmetrien varierer med samansetjinga og fordelinga av dei tomme posisjonane i krystallgitteret.
Pyrrhotitt | |||
Pyrrhotitt – Santa Eulalia-gruva (Chihuahua) Mexico (7,5 x 7cm) | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Mineral | ||
Kjemisk formel | Fe1-xS (x = 0 til 0.2) | ||
Strunz-klassifisering | 02.CC.10 | ||
Krystallsymmetri | Monoklin prismatisk H-M-symbol: (2/m) Romgruppe: A2/a | ||
Einingscelle | a = 11.88 Å, b = 6.87 Å, c = 22.79 Å; β = 90.47° Z = 26 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Bronse, mørkebrun | ||
Krystallform | Søyleforma eller prismatisk i heksagonal prisme; massive til korna | ||
Krystallsystem | Monoklin, med heksagonale polytypar | ||
Kløyv | Fråverande | ||
Brot | Ujamn | ||
Mohs hardleiksskala | 3,5–4,5 | ||
Glans | Metallisk | ||
Strekfarge | Mørkegrå – svart | ||
Spesifikk vekt | 4,58–4,65, snitt 4,61 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Brytingsindeks | Ugjennomsiktig | ||
Smeltbarheit | 3 | ||
Oppløyselegheit | Oppløyseleg i saltsyre | ||
Andre eigenskapar | Svakt magnetisk, kraftig magnetisk ved oppvarming; ikkje-luminescent, ikkje-radioaktiv | ||
Kjelder | [1][2] |
Pyrrhotitt finst i store førekomstar knytt til gabbrobergartar (noritt), som regel i lag med nikkelmineralet pentlanditt og noko chalkopyritt (koparkis) og stundom platinamineral. Pentlandittførande pyrrhotittførekomstar er difor av stor tyding som nikkelmalm.
Kjelder
endre- Raade, Gunnar (14. februar 2009), «Pyrrhotitt», Store norske leksikon, henta 14. februar 2014