Barne-TV er nemninga på TV-program på NRK med barn i alderen 4–12 år som målgruppe. Denne programtittelen vart brukt første gong i 1970. Omgrepet vert ofte brukt i ein noka utvida form som òg omfattar program for eldre barn. Nemninga «barne-TV» er på norsk dessutan blitt brukt om underhaldande eller pedagogiske barneprogram på fjernsyn generelt, altså uavhengig om dei har vorte vist på NRK Barne-TV eller ikkje.

Sidan 2007 har Barne-TV vore nemninga på ei programflate på NRK Super. Per 2020 strekkjer Barne-TV seg frå kl 18.00 til 18.30 måndag til sundag.[1] "Programmet" startar med ein vignett som har vore lik sidan 2007. Så opnar programmet med ein eller to programleiarar som gjennom heile programmet underheld i små pausar før dei introduserer neste innslag. Innslaga kan til dømes vera teiknefilmar, enkeltproduksjonar eller episodar av dramaseriar.

Historie endre

NRK starta TV-sendingar retta mot barn hausten 1960, og ansvarleg var Lauritz Johnson. I byrjinga heitte programmet I kosekroken, og blei berre sendt ein gong i veka kl. 18.00. Dette tidspunkt blei verande uendra gjennom mange år, heilt til NRK Super overtok barneprogramma (ein periode var sommaren eit unntak, då Barne-TV blei sendt ein halv time seinare). I byrjinga var dei fleste i barne-TV-redaksjonen lærarar, noko som prega programma og gav dei eit pedagogisk preg. I 1969 kom Pompel og Pilt, som var eit opprør mot dei pedagogiske programma. Lekestue som kom i 1967 kombinerte leik og læring. Programtittelen barne-TV blei brukt første gong i 1970. Til trass for at nemninga først og fremst vert brukt om program for førskolebarn, har omgrepet ofte vore brukt i ei noka utvida form som òg omfattar program for eldre barn og barneprogram på fjernsyn generelt, altså uavhengig om dei har vorte vist på NRK Barne-TV eller ikkje.

Lekestue, Labbetuss, Portveien 2 og Sesam stasjon er døme på produksjonar som blei sende i Barne-TV-flaten.

Ragne Tangen, «Tante Ragne», i barne-TV-programmet Du og jeg og vi to i 1967. Tange laga saman med Helge Sverre Nesheim det første fjernsynsprogrammet for barn frå NRK i 1960.
Foto: Delphin, Rigmor Dahl/Oslo Museum

Blikkbåx kom i 1987 og var det første programmet med barn som programleiarar. Dette programmet var likevel retta mot eldre barn og stod litt utanfor Barne-TV-konseptet i streng forstand.[2] Det blei etterfølgd av Midt i smørøyet.

NRK Super blei starta 1. desember 2007. Ved oppstarten av kanalen blei ein del av barneprogramma sende parallelt i TV-kanalane NRK1 og NRK Super. Med utbygginga av digitalt bakkenett blei sendefrekvensen til NRK Supper og NRK3 tilgjengeleg for alle lisensbetalarar. Frå og med 2010 har Barne-TV bere blitt sendt i NRK Super etter å ha vore ein fast programpost på NRK1 sidan 16. september 1960.

TV-program for barn og unge sendt på NRK endre

Lista omfattar eit utval norske studiopresentasjonar med norske og utanlandske fjernsynsseriar og kortfilmar til barn og unge vist på NRK, ofte under den daglege programskilet «Barne-TV». Årstalet viser kva tid programma først blei sende.

Norskproduserte studioprogram, seriar og kortfilmar endre

 
Hytta som blei brukt som eksteriør i Portveien 2, ein norskprodusert serie som blei sendt frå 1985, ligg i Hjemmets kolonihager på Sagene i Oslo.
 
Dokka Alfa i Sesam Stasjon, ein norskprodusert serie med amerikanske forbilete og innslag som var populær på 1990-talet.
 
Lørenskog stasjon blei brukt som utandørskulisse for barne-TV-serien Sesam Stasjon på NRK.
Foto: Philip Gabrielsen, 2004
 
Scenbilde frå julekalenderserien Jul i Skomakergata slik gata er blitt bygd opp i Kristiansand Dyrepark.

1960-åra endre

  • Pernille og Mr. Nelson, dokkeserie sendt 1961,[3] 1966, 1968 og 1976
  • På tokt med Mathilde, sendt 1962 og 1971 (13 episoder)
  • Kanutten og Romeo Clive, sendt 1963,1968,1973 og 1976
  • Falkeklubben, (1966)
  • Lille Lord Fauntleroy , familieserie sendt 1966
  • Pompel og Pilt, dokkeserie sendt 1969, 1973, 1976, 1979, 1985 og 1994
  • Kosekroken, forløparen til Lekestue, sendt 1968–1969
  • Lille Rosin, sendt 1964 og 1971
  • Du og jeg og vi to, sendt 1969 og 1975
  • Taremareby,
  • Eventyrstund, eventyrstund med Jens Bolling sendt 1968–1970 og 1977
  • Grautgramsen sendt 1964 (Alf Prøysen og Odd Børretzen)
  • Før julen ringes inn Sendt fleire år juleaften formiddag

1970-åra endre

  • Røvaren Rumcajs
  • Titten Tei André von Drei, sendt første gong 4. september 1971.
  • TV-barnet (1971)
  • Blokk 12 oppgang C (1973)
  • Ra-ta-ta-ta-ta, studiounderhaldning med Dizzie Tunes sendt 1971–1972
  • Stian med sekken, musikalsk underholdning med Mona og Sidsel Levin sendt 1971–1972 og 1975
  • Lekestue (Leikestove), sendt 1971–1978
  • Salomine og Jørgen hattemaker, sendt 1973
  • Sommeren på Mirabelløya, lørdagsserie sendt 1975
  • Mathis, sendt 1975–1977
  • Klabb og Babb, sendt 1975 og 1978
  • Du og jeg og kaktusen, sendt fra 1975 (8 episoder)
  • Hannes sommer (1978)
  • Krølltopp og Timian (1972)
  • Tom Trinn og Morten Mager sendt 1971, 1972, 1974, 1975
  • Det hende i Taremareby (1978)
  • Ante, dramaserie om en samegutt sendt sendt 1974, 1977 og 1982
  • Triola da Gamba, sendt 1970, 1971
  • Jul i Skomakergata, julekalender sendt 1979, 1984, 1988 og 1993
  • Ridder Runde og hans kamp mot drager og baroner, sendt 1979
  • Halvsju, lørdagsserie for barn og ungdom sendt 1979–1986
  • Andungen Kvakk-kvakk (Quaq Quao), italiensk animasjon

1980-åra endre

  • Guro, dramaserie sendt 1980 (seks episoder)
  • Kroppen, presentert av Trond Viggo Torgersen, fra 1981
  • Julius, serie fra Dyreparken i Kristiansand, 1981
  • Gullars, (1983–1989)
  • Portveien 2, sendt frå 1985 (ca. 140 episodar)
  • Midt i smørøyet, ungdomsprogram (1988–1998)
  • Kom, så tegner vi en sang (1983)
  • Myggen
  • Ugler i mosen
  • Redd Joppe, død eller levende
  • Den magiske bryteren, familieserie sendt 1985
  • Magnus, vitskapsprogram sendt 1986–1994
  • Blekkulf, serie om miljøvern
  • Vaktmesteren, serie med musikalske innslag, 1988
  • Borgen skole, dramaserie for barn og unge sendt 1988–1991

1990-åra endre

  • Rosa Mirabella, minidrama i fem delar, 1990
  • Nettopp, nyheiter for barn sendt 1991–1992
  • Huset med det rare i, sendt 1992–2004
  • Arild og den usynlige byen, sendt 1994/1995. Norsk serie for barn i tre delar
  • Gaute og Gullit
  • Sesam stasjon, norsk serie med amerikanskproduserte innslag, laga 1991–2000
  • Lillys butikk, sendt 1996–1998
  • Kykelikokos, sendt lørdag morgon 1996–2003
  • Pelle Politibil, dramaserie
  • Den lille traktoren Gråtass, dramaserie produsert 1997
  • Go' elg, fredagsserie for barn og ungdom 1995–2000
  • Video-Sirkus, sendt 1998-–1999
  • Teodors sommerkino, sendt 1995
  • Sommerkino: Den gylne ape, sendt 1996
  • NRQ-Film, tirsdagsserie for barn og ungdom 1996–1998

2000-åra endre

  • Lisa Loop (2000)
  • Karsten og Petra, sendt fra 2001
  • Prinsessen i Eventyrriket, opplesninger med Märtha Louise i romjula 2001–2003
  • Uhu!, sendt 2001–2003
  • Midt i planeten, sendt 2003–2005
  • Linus i Svingen, sendt 2003 (6 episodar)
  • veddemålet, dramaserie 2004
  • Barnas Supershow
  • Skattejakten, dramaserie 2005
  • Skrimmel Skrammel, sendt 2007
  • Kometkameratene, sendt 2008–2010
  • Super Barne-TV
  • Det var en gang et eventyr, sendt 2008 (6 episodar)
  • Willys jul, produksjonsår 2007. Første sending var desember 2008, siste sending blei send desember 2011
  • Pysj pop baluba, sendt lørdagsmorgonar 2003–2007
  • Klar – ferdig – gå!, sendt lørdagsmorgonar frå 2007
  • Kalle og Molo
  • Øisteins blyant

2010-åra endre

  • Megafon
  • Kaptein Sabeltann – Kongen på havet, dramaserie sendt frå 2011 (26 episodar)

Utanlandske seriar endre

 
Tittelfiguren i det fransk-polske dokkefilmserien Colargol som gjekk på NRK frå 1973.
 
Tittelfiguren i den britiske animasjonsserien Lokomotivet Thomas og venene hans. Serien vart produsert frå 1984.
 
Skodespelarar ukledd som tittelfigurane Pat og Mat i den tsjekkiske dokkefilmserien «To gode naboar» i «Eventyrskogen» ved den vesle byen Jiříkov i Tsjekkia. Serien vart produsert frå 1976.

1960-åra endre

  • Familien Flint, amerikansk teiknefilmserie sendt 1962, 1964–1966, og 1969–1970 (158 episodar)
  • Flipper, amerikansk dramaserie sendt 1966–1967 (62 episodar)
  • Daktari, amerikansk dramaserie sendt 1967–1968 (39 episodar)
  • Vi på Saltkråkan, svensk familieserie sendt 1965, 1968 og 1976
  • Skippy, australsk dramaserie sendt 1968–1970, 1973 og 1975
  • Pippi Langstrømpe, svensk-tysk familieserie sendt 1969,1971 og 1972

1970-åra endre

  • Brogeen og den magiske melodien (Brogeen Follows the Magic Tune), irsk dokkefilmserie frå 1969 sendt 1970 og 1979
  • Tøffe, det lille lokomotivet sendt 1970, 1971, 1977 og 1980
  • Silkesvarten, britisk dramaserie sendt 1973–1974
  • Pan Tau, tsjekkisk dramaserie sendt 1974
  • Professor Balthazar, jugoslavisk tegnefilm sendt 1971, 1974 og 1975
  • Romlingane, britisk dokkefilmserie sendt 1972 og 1986
  • Bjørnen Colargol, polsk-fransk dokkefilm sendt 1973–1975 og 1984
  • Agaton Sax, svensk teiknefilmserie sendt 1973–1974
  • Hr. Rossi, italiensk teiknefilm, sendt 1977
  • Follyfoot, britisk dramaserie sendt 1972–1974 (37 episoder)
  • Lurifaks (Catweazle), britisk dramaserie sendt 1970 (13 episoder)
  • Emil i Lønneberget, svensk dramaserie sendt 1977
  • Den hvite stenen, svensk dramaserie sendt 1975
  • Elefantgutten sendt 1973–1974 (21 episodar)
  • Huset på prærien, amerikansk dramaserie sendt 1975–1977 (50 episodar)
  • Jon Blund, østtysk dokkefilmserie sendt første gong i Jul i Skomakergata 1979

1980-åra endre

  • Majka – jenta frå verdsrommet (Spadla z oblakov), tsjekkoslovakisk TV-serie sendt 1981 og 1986 (13 episodar)
  • Crash – Truslen fra det sorte hull (1984), dansk dramaserie
  • Skrotnisse og vennene hans, svensk dokkefilmserie sendt 1986 og 1994
  • Fragglene, amerikansk dokkefilmserie
  • Lokomotivet Thomas og vennene hans
  • To gode naboer, tsjekkisk dokkefilmserie
  • Arkadia – reisen til jordas indre (Shagma, Les Mondes Engloutis), fransk animasjon sendt frå 1986
  • Postmann Pat, britisk dokkefilmserie produsert frå 1981
  • Kalle Klovn (Charlie Chalk), britisk dokkefilmserie produsert frå 1987
  • Alle tiders bestemor (Gran), britisk dokkefilm 1983
  • Streken, italiensk teiknefilmserie opphavleg frå 1969 også vist på Barne-TV
  • Eventyrstund med Janosch, teiknefilmserie

1990-åra endre

  • Miki, dansk teiknefilmserie
  • I Mummidalen, finsk teiknefilmserie (Produsert i Japan)
  • Gubben og katten, svensk animasjon
  • Noahs dyrebare øy (Noah's Island), animasjonserie produsert 1997-1999
  • Teletubbiene (Teletubbies), britisk småbarnsserie produsert 1997-2001
  • Flukta frå Dyreskogen (The Animals of Farthing Wood), produsert på oppdrag frå EBU 1992-1995

2000-åra endre

  • Didrik og Dorte (Max and Ruby), 2002
  • Fimlene (Fimbles), britisk
  • Drømmehagen
  • Sauen Shaun (Shaun the Sheep), send frå 2007
  • Rorri Racerbil (Roary the Racingcar), produsert frå 2007
  • Masja og Misjka, russisk, send frå 2012

Sjå òg endre

  • Super Barne-TV, NRK Supers morgensending for barn i alderen 2–7 år
  • Mánáid-TV, NRKs barne-TV på samisk
  • Julekalender, fjernsynsserier til barn før jul
  • Bolibompa, Sveriges Televisions daglige programskilt til barn
  • Barnetimen for de minste, NRKs radioprogrammer for førskolebarn

Kjelder endre

  1. «NRK TV - Guide for 03. februar 2020». NRK TV (på norsk bokmål). Henta 2. februar 2020. 
  2. NRK - Barne-TVs historie i NRK (video)
  3. «Timen med tante Ragne er slutt for denne gang». Aftenposten. 9. mai 2015. Henta 31. januar 2016. 

Bakgrunnsstoff endre