Bastøy, Bastø eller Bastøya er ei øy på 2,23 km² som ligg i Oslofjorden søraust for Horten i Vestfold. Øya ligg i Horten kommune, men vert eigd av staten.

Bastøy
Geografi
Stad Ytre Oslofjord
Koordinatar 59°22′42″N 10°31′39″E / 59.37833°N 10.52750°E / 59.37833; 10.52750

Høgaste punkt Bastøykalven (15 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestfold

Historie endre

Bastøy fyr endre

For meir om dette emnet, sjå Bastøy fyrstasjon.

Bastøy fyr vart oppretta 1840. Fyret bestod av eit steinhus med eit lågt tårn. Det vart erstatta av ei lanterne i 1986. Fyret på Bastøy er ikkje lenger bemanna, men vert framleis nytta til mellom anna kursverksemd.

Bastøy kyrkje endre

Bastøy kyrkje er ei kyrkje av stein bygd i 1902.

Guteheimen endre

Bastøy vart kjøpt av den norske staten i 1898 og det vart oppretta ein skuleheim for «forsømte» gutar med tilpassingsvanskar. Skuleheimane stod under Kyrkje- og undervisningsdepartementet sitt tilsyn før dei vart overført til Sosialdepartementet frå 1. juli 1953. Ved overføringa endra Bastøy Skolehjem namn til Foldin verneskole og seinare Foldin offentlige skole. Skulen vart nedlagd omkring 1970.

Verneheim og fengsel endre

Statens vernehjem Bastøy overtok bygningane til Bastøy skuleheim etter at dette vart nedlagt i 1970. Frå 1971 tok verneheimen imot arbeidsuføre, heimlause alkoholskadde. Anlegget vart seinare kretsfengsel og frå 1988 landsfengsel under namnet Bastøy fengsel, ein open anstalt med plass til rundt 115 fangar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre