«Batman Theme»
Singel av Neal Hefti
frå albumet Batman Theme and 11 Other Bat Songs
B-side

«Batman Chase»

Utgjeve 1966
Sjanger Surfemusikk
Lengd 2:16
Selskap RCA Victor
Låtskrivar(ar) Neal Hefti
Neal Hefti-kronologi 
- «Batman Theme» «Gotham City Municipal Swing Band»
(1966)


«Batman Theme» er kjenningsmelodien til TV-serien Batman frå 1966, komponert av Neal Hefti. Songen er bygd rundt eit gitarriff i same stil som musikken i mange spionfilmar og surfemusikk. Songen har ein 12-taktsbluesprogresjon og det vert berre nytta tre akkordar fram til avsluttinga. Teksten til temaet består berre av ropa «Batman!», til saman ti rop. Etter desse ti repetisjonane kjem avsluttinga med blåsarar som høyrest ut som «Na na na na Na na na na BATMAN!»

Dei ti ropa skulle opphavleg syngast av kvinnelege songarar, men i følgje boka Back to the Batcave av Adam West er stemmene faktisk instrument og ikkje vokal. Dette strid i mot ei anna bok, TV's Biggest Hits av Jon Burlingame. Denne boka, som kom ut i 1966, fokuserer utelukkande på kjenningsmelodiar frå TV og inneheld eit intervju med Neal Hefti om skapinga av Batman Theme. I følgje Burlingame består songen av «bassgitar, låge blåsarar og perkusjon for å skape ein drivande rytme, medan åtte kvinner syng 'Batman!' i harmoni med trompetane».[1]

Temaet var den mest innspelte songen i 1966. I tillegg til originalutgåva til Neal Hefti og fjernsynsutgåva av Nelson Riddle[2], vart songen spelt av The Marketts (singelen «Batman Theme» og albumet The Batman Theme by The Marketts), The Ventures (The Ventures Play the «Batman» Theme, Dolton BST8042, 3/1966), Al Hirt, The Standells og skodespelar/musikar David McCallum. Det var òg utgåver av grupper som såg ut til å eksistere berre for å spele songen, som The Sensational Batboys og Bruce and the Robin Rockers.

Den enkle melodien og songen har vorte parodiert i tiåra etter og er framleis ein viktig del av popkulturen. Temaet har vorte spelt av mange andre artistar, som Link Wray, The Kinks, Snoop Dogg, 50 Cent og Eminem, John Zorn, The Flaming Lips, Voivod, Alien Sex Fiend (som Dynamic Duo), Mucky Pup, The Jam og The Who.

I tillegg har artistar som Prince og R.E.M. nytta variantar av temaet i musikken sin, Prince med songen «Batdance» og R.E.M. med «Winged Mammal Theme», b-sida til singelen «Drive».[3] Hovudriffet i songen «Space Truckin'» av Deep Purple er i følgje gitaristen Ritchie Blackmore òg basert på Batman Theme.

Kjelder endre

  1. http://articles.latimes.com/2008/oct/15/local/me-hefti15 LA Times om dødsfallet til Hefti
  2. http://www.nelsonriddlemusic.com/nr_tv.htm nelson Riddle discography
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 13. juli 2012, henta 27. juni 2009