Link Wray
Fred Lincoln «Link» Wray jr (fødd 2. mai 1929 i Dunn i Nord-Carolina, død 5. november 2005 i København i Danmark) var ein indiansk amerikansk musikar og gitarist. Wray var ein av nyskaparane av ein ny elektrisk gitarlyd, som ein kan høyre i den instrumentale hitten hans «Rumble» frå 1958 av Link Wray and his Ray Men. Her nyttar han ein overdriven, forvrengd gitarlyd og fann opp powerakkordar for moderne rockegitaristar[1] og på den måten har han prega både heavy metal og pønkrock.[2]
Link Wray | |||
Link Wray i 2003 | |||
Fødd | 2. mai 1929 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Dunn | ||
Død | 5. november 2005 | ||
Dødsstad | København | ||
Fødenamn | Fred Lincoln Wray jr | ||
Alias | Link Wray | ||
Opphav | Dunn i Nord-Carolina | ||
Aktiv | 1956 - 2005 | ||
Sjanger | Rock and roll | ||
Instrument | Gitar | ||
Stemmetype | baryton | ||
Plateselskap | Epic Records, Apex | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar | ||
Mor | Lillian M. Wray | ||
Far | Fred Lincoln Wray, Sr. | ||
Gift med | Elizabeth Canady Wray, Katherine Tidwell Wray, Sharon Wray, Olive Wray | ||
Born | Elizabeth Wray, Fred Lincoln Wray III, Link Elvis Wray, Mona Kay Wray, Belinda Wray, Rhonda Wray, Shayne West Wray, Charlotte Wray | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame |
Biografi
endreWray vart fødd i Dunn i Nord-Carolina og det var her han første gong høyrde slidegitar som åtteåring frå ein omreisande svart mann kalla «Hambone». Familien hans flytta seinare til Nordfolk i Virginia. Wray var ein periode i hæren og var utstasjonert i Korea under Koreakrigen. Her fekk han tuberkulose og mista til slutt ei lunge. Legane fortalde han at han aldri kunne klare å synge igjen. Link Wray konsentrerte seg derfor heller om gitarspelinga si. Trass i dette har han stundom sunge på songane sine og har vist ei kraftig røyst.
Etter han kom ut frå Hæren danna Wray og brørne hans Doug og Vernon Wray, med venene Shorty Horton og Dixie Neale, bandet Lucky Wray and the Lazy Pine Wranglers, seinare kalla Lucky Wray and the Palomino Ranch Hands. Dei spelte country og Western swing i fleire år på fjernsynsprogrammet Milt Grant's House Party. Bandet gjorde sine første innspelingar i 1956 for Starday Records.
I fjernsynsprogrammet var dei òg backingband for artistar som Fats Domino og Ricky Nelson. På ein konsert i Fredericksburg då dei prøvde å spele på The Diamonds sin «The Stroll», kom dei opp med den mektige 12-taktsbluesinstrumentalen «Rumble», som dei opphavleg kalla «Oddball». Songen vart med ein gong særs populær hos publikum og dei måtte spele songen fire gongar same kvelden. Til slutt kom songen plateprodusenten Archie Bleyer i Cadence Records for øyre, men han hata songen, særleg etter at Wray stakk hol i forsterkarane hans slik at lyden skulle verte meir lik konsertutgåva (sjå «Rocket 88» for ei liknande soge med Ike Turner). Bleyer si stedotter likte derimot songen særs godt og han vart gjeve ut. Ho foreslo namnet «Rumble», fordi han minna ho om West Side Story. Rumble er eit uttrykk for «gjengslagsmål».
Den truande lyden i «Rumble» (og tittelen) gjorde at han vart bannlyst av fleire radiostasjonar, noko som er sjeldan for ein song utan tekst. Likevel vart han ein stor internasjonal hit og hadde mellom anna stor innverknad på The Who i Storbritannia. Pete Townshend sa mellom anna i 1970 at om det ikkje hadde vore for Link Wray og «Rumble», så hadde han ikkje starta å spele gitar.
Jeff Beck, Jimmy Page, Jimi Hendrix, Marc Bolan, Neil Young og Bob Dylan har alle omtalt Wray som ei inspirasjonskjelde. Mark E. Smith frå The Fall song linja «I used to have this thing about Link Wray, I used to play him every Saturday, God bless Saturday» i songen «Neighbourhood of Infinity». Wray vart nemnd ein av dei hundre største artistane gjennom tidene av magasinet Rolling Stone, men han har ikkje vorte innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.
Bandet spelte fleire harde instrumentale songar seint i 1950-åra og tidleg i 1960-åra, inkludert «Rawhide», «Ace of Spades» og «Jack the Ripper».
Utover 70-åra heldt Wray sporadiske turnear. Inspirert av at songane hans vart brukt i så mange filmar, spelte Wray i 1997 inn albumet Shadowman, som var i god gammal rock and roll-stil. Wray drog så på turne i Europa og Australia.
Wray flytta til Danmark i 1980-åra etter å ha møtt og gifta seg med den danske studenten Olive. Han døydde 5. november 2005 i heimen sin i København, 76 år gammal.
Musikken hans har vorte nytta i mange filmar, som Pulp Fiction, Desperado, Independence Day, Twelve Monkeys, This Boy's Life, Blow, Johnny Suede, The Shadow, Breathless og Pink Flamingos.
Diskografi
endreSinglar
endreUtgjeve | A-side | B-side | Selskap | Katalognummer | US |
---|---|---|---|---|---|
Mars 1958 | «Rumble» | «The Swag» | Cadence | 1347 | 16 |
Januar 1959 | «Raw-Hide» | «Dixie-Doodle» | Epic | 5-9300 | 23 |
June 1959 | «Comanche» | «Lillian» | Epic | 5-9321 | |
Oktober 1959 | «Slinky» | «Rendezvous» | Epic | 5-9343 | |
1959 | «Roughshod» | «Vendetta» [released as by Ray Vernon; no credit to Link Wray or The Raymen] | Scottie | 1320 | |
Mars 1960 | «Trail of the Lonesome Pine» | «Golden Strings» (basert på ein etyde av Chopin) | Epic | 5-9361 | |
Oktober 1960 | «Ain't That Lovin' You Babe» | «Mary Ann» | Epic | 5-9419 | |
Juli 1961 | «Jack The Ripper» | «The Stranger» | Rumble | 1000 | |
August 1961 | «El Toro» | «Tijuana» | Epic | 5-9454 | |
November 1961 | «Evil Angel» | «Danger One Way Love» [utgjeven av Ray Vernon med Link Wray & His Raymen] | Rumble | 1349 | |
April 1962 | «Poppin' Popeye» | «Big City Stomp» | Trans Atlas | M-687 | |
Oktober 1962 | «Big City After Dark» | «Hold It» [released as by Ray Vernon & The Raymen] | Mala | 456 | |
1963 | «Dancing Party» | «There's a Hole in the Middle of the Moon» | Mala | 458 | |
Mars 1963 | «Hambone» [A-side av Red Saunders & His Orchestra with Dolores Hawkins and the Hambone Kids] | «Rumble Mambo» [B-side av Link Wray & The Wraymen] | Okeh | 4-7166 | |
April 1963 | «Jack The Ripper» | «The Black Widow» | Swan | S-4137 | 64 |
September 1963 | «Week End» | «Turnpike U.S.A.» | Swan | S-4154 | |
November 1963 | «The Sweeper» | «Run Chicken Run» | Swan | S-4163 | |
Februar 1964 | «The Shadow Knows» | «My Alberta» | Swan | S-4171 | |
Juli 1964 | «Deuces Wild» | «Summer Dream» | Swan | S-4187 | |
Februar 1965 | «Good Rockin' Tonight» | «I'll Do Anything For You» | Swan | S-4201 | |
April 1965 | «I'm Branded» | «Hang On» | Swan | S-4211 | |
aldri utgjeven/trekt attende (opphavleg meint for midten av 1965) | «Please Please Me» | «Rumble '65» | Swan | S-4221 | |
Juli 1965 | «Baby, What'cha Want Me» | «Walkin' Down the Street Called Love» | Diamond | 186 | |
Oktober 1965 | «Girl from the North Country» | «You Hurt Me So» | Swan | S-4232 | |
Desember 1965 | «Ace of Spades» | «The Fuzz» | Swan | S-4239 | |
Februar 1966 | «Batman Theme» (med Bobby Howard) | «Alone» | Swan | S-4244 | |
Juli 1966 | «Hidden Charms» | «Ace of Spades» [alternativ versjon] | Swan | S-4261 | |
Oktober 1966 | «Let the Good Times Roll» (with Kathy Lynn) | «Soul Train» | Swan | S-4273 | |
1967 | «Jack The Ripper» [nyutgjeving] | «I'll Do Anything For You» [nyutgjeving] | Swan | S-4284 | |
1968 | «Rumble '68» | «Blow Your Mind» | Heavy | 101 | |
1969 | «Rumble–69» | «Mind Blower» | Mr. G | G-820 | |
Juli 1971 | «Fire and Brimstone» | «Juke Box Mama» | Polydor | PD-14084 | |
Oktober 1971 | «Fallin' Rain» | «Juke Box Mama» | Polydor | PD-14096 | |
1973 | «Shine the Light» | «Lawdy Miss Clawdy» | Polydor | PD-14188 | |
1973 | «I'm So Glad, I'm So Proud» | «Shawnee Tribe» | Virgin [UK] | VS-103 | |
1974 | «I Got To Ramble» (dedisert til minnet etter Duane Allman) | «She's That Kind of Woman» | Polydor | PD-14256 | |
1974 | «It Was a Bad Scene» | «Backwoods Preacher Man» | Polydor [UK] | 2066 366 | |
1975 | «I Know You're Leaving Me Now» | «Quicksand» | Virgin [UK] | VS-142 | |
Juni 1979 | «It's All Over Now, Baby Blue» | «Just That Kind» | Charisma [UK] | CB-333 |
Album
endreUtgjeve | Tittel | Selskap | Katalognummer |
---|---|---|---|
1960 US | Link Wray & The Wraymen | Epic | LN 3661 |
1962 US | Great Guitar Hits by Link Wray and His Raymen | Vermillion | LP-1924 |
1963 US | Jack The Ripper | Swan | S-LP 510 |
1964 US | Link Wray Sings and Plays Guitar | Vermillion | LP-1925 |
1969 US | Yesterday – Today | Record Factory | LP-1929 |
1971 US | Link Wray | Polydor | PD-24-4064 |
1971 US | Mordicai Jones (med Bobby Howard) | Polydor | PD-5010 |
1973 US | Beans and Fatback (rec. 1971) | Virgin | V-2006 |
1973 US | Be What You Want To | Polydor | PD-5047 |
1974 US | The Link Wray Rumble | Polydor | PD-6025 |
1974 US | Listen to the Voices That Want to Be Free (med Joey Welz; innsp. 1969–70) [nyutgjeve i 2013 som Rumble & Roll] | Music City | MCR-5003 |
1975 US | Stuck in Gear | Virgin | V-2050 |
1979 US | Bullshot | Visa/Passport/Gem | VISA 7009 |
1980 US | Live at the Paradiso | Visa/Passport/Gem | VISA 7010 |
1985 UK | Live in '85 | Big Beat | WIK 42; CDWIK 972 |
1989 DE | Born to Be Wild: Live in the U.S.A. 1987 | Line | LICD 9.00690 |
1989 UK | Rumble Man | Ace | CH 266 |
1990 UK | Apache | Ace | CH 286; CDCHD 931 |
1990 UK | Wild Side of the City Lights | Ace | CH 296; CDCHD 931 |
1993 DK | Indian Child | Epic/Sony Music | EPC 473100 2 |
1997 US | Shadowman | Hip-O/UMe | HIPD-40069 |
1997 US | Walking Down a Street Called Love [live] | Cult Music/Cleopatra | CLP-9989 |
2000 UK | Barbed Wire | Ace | CDCHD 770 |
Med Robert Gordon
endreUtgjeve | Tittel | Selskap | Nummer |
---|---|---|---|
1977 US | Robert Gordon with Link Wray | Private Stock; 1979 nyutgjeving: RCA Victor; 1997 CD nyutgjeving: One Way; 2015 CD nyutgjeving: Culture Factory | PS 2030; AFL1-3296; OW-34493; 850703003880 |
1978 US | Fresh Fish Special | Private Stock; 1979 nyutgjeving: RCA Victor; 1997 CD nyutgjeving: One Way; 2015 CD nyutgjeving: Culture Factory | PS 7008; AFL1-3299; OW-34491; 850703003873 |
2014 US | Robert Gordon/Link Wray: Cleveland '78 [live] | Rock-A-Billy/Cleopatra | CLP-CD-1952 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Link Wray» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Cub Koda & Steve Leggett (2008). "Link Wray" Biography, AllMusic.
- ↑ Simmonds, Jeremy (2008). The Encyclopedia of Dead Rock Stars: Heroin, Handguns, and Ham Sandwiches, s.559. ISBN 1-55652-754-3.
- ↑ 3,0 3,1 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 1084–1085. ISBN 1-84195-017-3.
Bakgrunnsstoff
endre- Link Wray si offisielle MySpace-side
- WraysShack3Tracks.com Arkivert 2007-06-25 ved Wayback Machine.
- Rockabilly Hall of Fame Arkivert 2007-06-08 ved Wayback Machine.
- Punk Rock Artiles: Masculine Studs into Guitars, Link Wray Arkivert 2012-12-08 ved Archive.is
- Perfect Sound Forever: Be Wild, Not Evil: The Link Wray Story
- Mr. Guitar's City After Dark: Link Wray Obituary