Åarjelhsaemien Teatere

Åarjelhsaemien Teatere AS, tidlegare Åarjelhsaemien Teatere (sørsamisk for 'sørsamisk teater'), er eit teater i Mo i RanaHelgeland i Nordland. Teateret deler lokale med Nordland Teater i Rådhusalleen 6 i Mo i Rana sentrum. Det blei skipa 1. januar 1985 av sørsamar frå Noreg og Sverige som ei amatørteatergruppe med eit sete i Mo i Rana og eit anna i Tärnaby i Storuman kommune i Västerbottens län.[1] I 2008 blei det delt inn i ein norsk og ein svensk del.[1] 9. september 2012 blei den norske delen omdanna til eit AS med Sametinget, Nordland fylkeskommune og Rana kommune som eigarar.[2]

Teateret har som mål å synleggjera sørsamisk kultur og språk gjennom musikk og teaterkunst. Forsøk på å revitalisere det sørsamiske språket står sentralt i førestillingar for barn og unge.[3] I førestillinga Der Stjernan Bor (2010) fekk barn og unge delta i framføring av sørsamisk språk, tekstframføring, skodespelarteknikk og dans.[3] Familieførestillinga GON, som hadde premiere i mars 2009 i Tärnaby, og som blei vist under Vinterlysfestivalen i Mo i Rana i 2010, var berre på sørsamisk.[3] Det same gjaldt barneførestillinga Saajve Sijte.[3]

Teateret har produsert ein monolog om Elsa Laula Renberg, en «joikikal» om barnebokfiguren Plopp i 2016[4] og bidratt til førestillinga Tjidtjie - mamma i 2017.[5]

Teatersjef per 2022 er Kristin Solberg.[6]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Marit Ulriksen: Vil ikke eie sydsamisk teater, Rana Blad, 7. mars 2012
  2. Sydsamisk teater har blitt AS Arkivert 5. mars 2016 på Wayback Machine., Scenekunst i Nordland, 9. september 2012
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 ÅARJELHSAEMIEN TEATERE – NORGE. ÅRSMELDING 2010 Arkivert 16. desember 2013 på Wayback Machine.
  4. Plupp - teaser[daud lenkje]; asteatere.no
  5. Tjidtjie- Mamma har premiere under Olavfestdagene[daud lenkje]; asteatere.no
  6. «Gaskesadth», Åarjelhsaemien Teatere (på norsk bokmål), henta 24. april 2022 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Åarjelhsaemien Teatere