Opna hovudmenyen

Beiarelva (eller Storåga) er eit rundt 56 kilometer langt vassdrag i Beiarn kommune i Nordland. Elva følgjer hovuddalføret i Beiarn og renn ut i Beiarfjorden ved Tverrvik. Ho har utspring øvst i Beiardalen, i Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark.

Beiarelva
elv
Beiarn IMG 4821 beiarn.JPG
Beiardalen med elvas utløp i Beiarfjorden sett frå aust
Foto: Erlend Bjørtvedt
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Nordland
Kommune Beiarn
Nedslagsfelt 863,7 km²
Sideelvar Gjeddåga, Tverråga,
Tollåga, Arstadåga
Lengd 56 km
Middelvassføring 45 /s
Kjelde Øvst i Beiardalen ved Svartisen
 - høgd 1 637 moh.
Munning Beiarfjorden ved Tverrvik

Beiarelva er ei populær elv for fiske av laks og sjøaure. I tillegg har elva ein stamme av sjørøye, men denne blei totalfreda i 2008. Elva har ein lakseførande strekning på 27,5 kilometer, frå utløpet til Høgforsen ved Tollå. I tillegg er også 3 kilometer av sideelva Tollåga, og 0,6 kilometer av sideelva Gjeddåga, lakseførande.

I 1981 blei lakseparasitten Gyrodactylus salaris påvist i elva. Dette førte til at laksebestanden blei sterkt redusert i løpet av tiåret. I 1989 blei alt laksefiske i Beiarelva forbydd. Elva blei rotenonbehandla i 1994. Etter 7 år, i 2001, blei elva friskmeldt for gyro, og ho blei igjen opna for laksefiske.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra