Opna hovudmenyen

Beit Dagan (hebraisk skrift בֵּית דָּגָן, tyder «Kornhuset») er ein by (lokal kommune) i Det sentrale distriktet i Israel, ved grensa til Rishon LeZion. Han vart grunnlagd i 1948 der den arabiske landsbyen Bayt Dajan låg, av jemenittiske og nordafrikanske immigrantar. Han ligg truleg i området der den bibelske Beit Dagon,[2] ein landsby i Juda-stamma låg (Josva 15:41).

Beit Dagan
lokal kommune
Beitdagantegart.JPG
Namneopphav: Kornhuset
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 32°0′9.68″N 34°49′45.29″E
Areal 1,53 km²
Folketal 6 800 (2009) [1]
Folketettleik 4 444 / km²
Grunnlagd 1948
 - Bystatus 1958
Borgarmeister Elyahu Dadon
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Beit Dagan

Beit Dagan fekk status som lokal kommune i 1958. Mot slutten av 2009 var folketalet 6 800.[1]

GalleriEndra

KlimaEndra

Israelsk meteorologisk institutt heldt til i Beit Dagan. Beit Dagan har middelhavsklima med varme og tørre somrar, og med kalde og regnfulle vintrar. Våren og hausten er kjølig til varm. Luftfukta er høg om vinteren og låg om sommaren. Temperaturen om sommaren når i snitt 30,8 °C og ned i 20,4 °C om natta. Om vinteren når temperaturen i snitt 18,5 °C på dagtid og i snitt 7,6 °C om natta. Beit Dagan har ein årsnormalnedbør på 550,5 mm og berre sju av månadane kan få kraftig regn.

Klimadata for Beit Dagan
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 17.8 18.1 20.1 24.5 27 29.2 30.8 31.2 30.4 28.3 24.1 19.7 25,1
Normal min. temp. °C 7.2 7.1 8.8 11.5 14.6 17.9 20.6 21.2 19.4 16 11.8 8.6 13,7
Nedbør (mm) 140.5 96.9 66.1 17.5 2.2 0 0 0 0.4 20.4 76.2 130.3 550,5
Kjelde: Israelsk meteorologiske institutt[3]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra