Beit HaGadi
Beit HaGadi (hebraisk skrift בֵּית הַגָּדִי, tyder 'Gad-huset') er ein religiøs moshav sør i Israel. Han ligg nær Netivot og Gazastripa og høyrer til Sdot Negev regionale kommune. I 2006 hadde han 622 innbyggjarar.
Beit HaGadi | |||
בֵּית הַגָּדִי | |||
moshav | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Nordvest-Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Sdot Negev | ||
Koordinatar | 31°25′28.19″N 34°36′22.32″E / 31.4244972°N 34.6062000°E | ||
Folketal | 730 (2015) | ||
Grunnlagd | 1951 | ||
• Grunnlagd av | ungarske og rumenske jødar | ||
Tilhøyrsle | Hapoel HaMizrachi | ||
Beit HaGadi 31°25′28″N 34°36′22″E / 31.424497222222°N 34.6062°E | |||
Kart som viser Beit HaGadi.
| |||
Wikimedia Commons: Beit HaGadi |
Landsbyen vart grunnlagd i 1951, og heitte først Beit HaGide'a. Grunnleggjarane var demobiliserte IDF-soldatar som var medlemmar av Netiv BeMoledet og Hapoel HaMizrachi. Dei var immigrantar frå Ungarn og Romania, og hadde tidlegare arbeidd i Rishon LeZion.
Namnet er henta frå Gad-stamma, som budde i området i bibelsk tid, og beduin-landsbyen Bit Hajadaa som finst på Madaba-kartet.
Bakgrunnsstoff
endre- Beit HaGadi Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine. Negev informmasjonssenter