Opna hovudmenyen

Beitar Illit (hebraisk ביתר עילית, arabisk بيتار عيليت‎) er ei israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Busetjinga vart etablert i 1985. Folketalet er 38 800.(2007) Modi'in Illit er den nest største israelske busetjinga på Vestbreidda og vert, saman med dei andre busetjingane, rekna som ulovleg etter folkeretten. Busetjinga ligg 10 kilometer sør for Jerusalem, nær grensa mellom Israel og Vestbreidda.

Beitar Illit
בֵּיתָר עִלִּית, Betar Illit
by
Beitar Ilit.jpg
Våpenskjold
Land Blank flag.svg Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Koordinatar 31°41′52″N 35°6′56″E
Areal 4,3 km²
Folketal 45 710 (2013) [1]
Folketettleik 10 630 / km²
Grunnlagd 1985
Borgarmeister Meir Rubenstein
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Beitar Ilit
Nettstad: http://betar-illit.muni.il/

Israel sin separasjonsmur/-gjerde går aust for Beitar Illit, og skil dermed busetjinga fysisk frå resten av Vestbreidda. Busettarane i Beitar Illit er hovudsakleg såkalla ultra-ortodokse jødar, haredim. Fødselsraten er svært høg, og berre 37 % av innbyggjarane er over 18 år.[2] Busetjinga i Beitar Illit vert stadig utvida. Staden kom i søkjelyset då israelske styresmakter tillet ytterlegare bustadbygging der i mars 2010 medan den amerikanske visepresidenten Joe Biden var i Israel, noko som vart sett som ei audmjuking av Biden.[3]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra