Bellingcat (også skrive bell¿ngcat) er ein nettstad grunnlagd av den britiske bloggarjournalisten Eliot Higgins. Nettstaden publiserer undersøkingar og saksstudiar av emne knytt til kriminalitet og væpna konflikt med guidar til metodar brukt av bidragsytarane. Nettstaden nytter opne kjelder og sosiale media i undersøkingane sine.[1]

Bellingcat byrja med ei undersøking av våpenbruk i Den syriske borgarkrigen. Nettstaden fekk internasjonal merksemd gjennom ein analyse av forfalska data på satellittbilde etter nedskytinga av Malaysia Airlines Flight 17 under krigen i Aust-Ukraina.

Namn endre

Namnet Bellingcat kjem frå uttrykket belling the cat, 'heng bjølla på katten', frå ein fabel om nokre mus som diskuterer korleis dei kan gjera ein katt ufarleg. Ei mus føreslår å hekta ei bjølle rundt halsen på katten, og alle mysene støtta denne idéen, men ingen er viljuge til å utføra sjølve handlinga.[2]

Bakgrunn endre

Eliot Higgins byrja å skriva på bloggen Brown Moses i mars 2012 med undersøkingar av videoar frå den syriske borgarkrigen.[3] Han såg på hundrevis av korte klipp på Internett, lokaliserte dei, og undersøkte detaljar rundt våpen som vart brukt. Som eit resultat av dette var Higgins i stand til å skulda des Syriske regimet for å bruke brukte klasebomber og kjemiske våpen. I 2013 kunne Higgins knyte kjemiske angrep i byen Ghouta til Bashar al-Assad.[4]

Då Bellingcat fyrst vart lansert som eit vellukka prosjekt, vekte det stor merksemd over heile verda. Det neste som hende, var at det vart oppdaga at nedskytinga av MH17 var initiert av ei gruppe ukrainske separatistar.
Ei tredje sak var oppdaginga av ein ISIS-treningsleir. Gjennom bruk av Google Earth, oppdaga analytikarar koordinatane til ein ISIS- treningsleir, så vel som staden der ein amerikansk journalist var blitt drepen.[5]

Kristyan Benedikt, ein kampanjeleiar for Amnesty International, fortalde i The New Yorker i 2013 at i mange andre organisasjonar hadde gode analytikarar, men at Higgins var snøggare enn mange etablerte etterrøkjingslag.[6]

Den 15. juli 2014, lanserte Higgins ei Bellingcat-plattform med hjelp av private donasjonar som vart organiserte gjennom eit system kalla Kickstarter. Plattform-teamet evaluerer bilete og videoar som er offentleg tilgjengeleg på Internett. Drifta er finansiert ved hjelp av innsamlingsaksjonar.

Krigen i Aust-Ukraina endre

21. desember 2016, vart ein rapport frå Bellingcat publisert der analyserte data viste at russisk artilleri vart nytta i løpet av summaren 2014 mot ukrainske landsbyar.[7]

 
Ruta av Malaysia Airlines Flight 17 juli 17, 2014 frå Amsterdam til Kuala Lumpur.

Saka om nedskyting av Flight MH17 over Aust-Ukraina endre

Den 17. juli 2014 vart eit passasjerfly (Malaysia Airlines Flight 17), skote ned over det austlege Ukraina på veg frå Amsterdam til Kuala Lumpur. Alle 283 passasjerar og 15 besetningsmedlemmar døydde etter at flyet av typen Boeing 777 vart ramma av eit "høg-energi objekt".[8]

I ein pressekonferanse etterpå, skulda russiske tenestemenn på ukrainske styrkar og presenterte radardata, ekspertvitne og satellittbilete som støtte for desse skuldingane. Radardata som viste eit anna fly i nærleiken av MH17 vart seinare avslørt som fallande gjenstandar frå MH17 av ekspertar. Ein "spansk flygeleiar" i Kiev gav intervju der han fortalde at to ukrainske jagarfly håde fulgt det malaysiske flyet, men den spanske ambassaden sa seinare at det var ingen spansk flygeleiar i nærleiken av Kiev sine flyplassar på den tida. Satellittbiletet viste at eit jagarfly skaut på MH17, men Bellingcat utsette biletet som ein kompositt av Googlebilete, som viste at Malaysian airlines-logoen på flyet var plassert feil på flykroppen[9]

Russland endra etterkvart si meining og sa at MH17 vart treft av ein Buk rakett, men den vart utskoten frå ukrainsk territorium og avfyrt av styrkar lojale til Kiev. Satellittbileta dei brukte til å støtte påstanden vart seinare hevda å vera manipulerte av Bellingcat. Bellingcat hadde då kjøpt sine eigne satellitt-bilete som indikerte at dei russiske kunne ha vorte endra, men dette såkalla provet hjå Bellingcat har vorte kritisert, mellom anna av ein tysk bilete-etterforskningsekspert som sa at Bellingcat rapporten ikkje kunne prova noko.

Den 9. november 2014, publiserte Bellingcat-MH17 ein rapport med tittelen "MH17: Kjelde av Separatistane sin Buk". Atter basert på bevis frå opne kjelder, først og fremst sosiale media og koplingar til ein "Buk" avfyringsplattform som vart filma og fotografert i aust-Ukraina den 17. juli - til nedskytinga av MH17 flyet. Rapporten på 35 sider, inkluderte bilete og kart, rørsler av Buk i aust-Ukraina de 17. juli 17, hevda prov på at Buk hadde sitt opphav i Russland, saman med ein konvoi på veg mot den ukrainske grensa, og aktiviteten av køyretøy var sett i same konvoi etter 17. juli.[10]

Den syriske borgarkrigen endre

 
ISIS (Grå) Territorium Endra 2014-2016

Den syriske borgarkrigen byrja i mars 2011 etter politiske protestar frå folk vart slege ned med stor bruk av vald frå styresmaktene. Konflikten eskalerte mellom den syriske arabiske republikken, den syriske opposisjonen, den islamske Staten i Irak og Levanten, og andre stridande i området.[11] Bellingcat sine rapportar analyserte først og fremst dei ymse fraksjonane i krig, og kva slags våpen og rustningar dei nytta, og dessutan nyhende som normalt ville verta rapportert av vanlege media. Bellingcat nytta eit nettverk av bidragsytarar som spesialiserer seg på opne kjelder og sosiale media i si etterforskning, og skapar retningsliner og saks-studiar slik at andre kan læra å gjera det same.[12]

I juli 2014, publiserte Bellingcat omfattande prov for at kjemiske våpen vart brukt på syriske sivile, inkludert barn.[13] Innsamling av video-opptaka frå lokale kjelder vart analyserte, og Higgins vart i stand til å utleda at klor-gass vart droppa frå helikopter av dei syriske styrkane.

I juni 2016, publisert Bellingcat ein artikkel som viser at klasebomber vart brukt mot den Nye Syriske Hæren (opposisjonen), i klår strid med Konvensjonen om klase-ammunisjon. Bellingcat gav fotografiske prov frå førstehandskjelder som at den ammunisjonen som vart brukt, var den same som vert brukt av den russiske militære .[14]

I februar 2017, publiserte Bellingcat ein artikkel som viste plassar der rudimentære dronar vart brukte av ISIS å sleppa eksplosivar på mål hjå motstandarane. Ved å analysera material frå Twitter og andre sosiale media, vart det oppdaga at dronane si oppgåve var å sleppa ned 40 mm-granatar.[15]

Bellingcat gjer òg omfattande rapportering i angrep som ikkje er ope hevda av stridande partar.

I September 2016, gav Bellingcat ut ei fakta-artikkel i respons til at Russland nekta bombing av sjukehus i Syria. Artikkelen analyserte material frå Youtube og bilete frå Facebook, og kryss-refererte materialet med områder som vart stadfesta angripne av russiske styrkar. Artikkelen viste at sjukehuset var i området der russarane angreip, men Russland avviser desse påstandane.[16]

I Mars 2017 publiserte Bellingcat ein granskingsrapport om bombinga av ein moské i Aleppo som drap over 50 sivile. Artikkelen inkluderte bilete av restane av bomba som vart nytta, og dette viste at stykket var identisk med tilsvarande bombar nytta av det amerikanske militæret[17].

Kritikk endre

I juni 2015 skulda Bellingcat Russland for å manipulera satellitt-bilete frå MH17-katastrofa ved hjelp av Photoshop. Denne påstanden vart kritisert av den tyske bilete-etterforskningseksperten Jens Kriese, som sa at Bellingcat-rapporten ikkje kunne prova noko, og at det var brukt ugyldige metodar for å nå fram til sin konklusjon. I ei oppfølging av rapporten publiserte Bellingcat satellittbilete kjøpte med innsamla midlar som dei meinte stadfesta den opphavlege skuldinga.

Prisar endre

I 2015 mottok Eliot Higgins og Bellingcat den spesielle Hanns-Joachim-Friedrichs-Preis.[18]

Referansar endre

  1. «About». Bellingcat. Henta 21. april 2018. 
  2. «To bell the cat - definition of To bell the cat by The Free Dictionary». Thefreedictionary.com. Henta 24. desember 2016. 
  3. «Brown Moses Blog: March 2012». Henta 24. desember 2016. 
  4. «Watch out for Bellingcat» (på engelsk). Henta 19. mars 2017. 
  5. «Bellingcat: the home of online investigations». Henta 19. mars 2017. 
  6. http://www.newyorker.com/magazine/2013/11/25/rocket-man-2%7Ctittel=Rocket[daud lenkje] Man|besøksdato=24 December 2016|fornavn=Elif|etternavn=Batuman|forlag=The New Yorker
  7. Sean Case. «Putin's Undeclared War : Summer 2014 : Russian Artillery Strikes Against Ukraine» (PDF). Henta 24. desember 2016. 
  8. CNN, By Jethro Mullen. «Report: MH17 hit by burst of 'high-energy objects' - CNN.com». Henta 21. mars 2017. 
  9. www.newsweek.com/2015/07/03/meet-eliot-higgins-putins-mh17-nemesis-345485.html|title=Meet Eliot Higgins, Putin’s MH17 Nemesis|last=AM|first=Maxim Tucker On 6/22/15 at 9:14|date=2015-06-22|website=Newsweek|access-date=2017-03-21}}
  10. Bellingcat. «Origin of the Seperatists' Buk» (PDF). 
  11. BBC, By BBC NEWS. «Middle East unrest: Three killed at protest in Syria - BBC.com». Henta 21. mars 2017. [daud lenkje]
  12. Higgins, Elliot. «About». Henta 21. mars 2017. 
  13. Moses, By Brown. «Evidence From 2 Weeks Of Chlorine Barrel Bomb Attacks». Henta 21. mars 2017. 
  14. Komar, Rao. «The al-Tanf Bombing: How Russia Assisted ISIS by Attacking an American Backed FSA Group with Cluster Bombs». Arkivert frå originalen 8. oktober 2016. Henta 21. mars 2017. 
  15. https://www.bellingcat.com/uncategorized/2017/02/10/death-drone-bombs-caliphate/%7Ctittel=Death[daud lenkje] From Above: The Drone Bombs of the Caliphate|besøksdato=2017-03-21|fornavn=Nick|etternavn=Waters}}
  16. Al-Khatib, Hady. «Fact-Checking Russia’s Claim that It Didn’t Bomb a 5-Year-Old in Syria». Henta 21. mars 2017. 
  17. Triebert, Christiaan. «CONFIRMED: US Responsible for ‘Aleppo Mosque Bombing’». Henta 21. mars 2017. 
  18. «Pressemitteilung 2015 - Hanns-Joachim-Friedrichs-Preis». Henta 24. desember 2016. 

Bakgrunnsstoff endre