Dei gylne fjella i Altaj
Dei gylne fjella i Altaj er namnet på ein verdsarvstad på lista til UNESCO. Han ligg i Altajfjella i Russland og består av «Naturreservatet Altaj og Katun», Teletskojesjøen, fjellet Belukha og Ukokplatået. UNESCO skildrar regionen som ein stad med alle vegetasjonssonene ein finn i Sibir, frå steppe til skogssteppe, blandingsskog, subalpin vegetasjon og alpin vegetasjon.[1] UNESCO la òg vekt på at Altaj var ein viktig stad for å bevare fleire globalt utryddingstrua pattedyr som snøleopard og sauearten Altaj-Argali. Staden dekkjer eit område på 16 175 km².[2]
| |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Innskriven ved UNESCOs 22. sesjon i 1998. Referansenr. 768. | |||
Kriterium: | X | ||
Sjå òg | Verdsarvstader i Asia | ||
Bakgrunnsstoff | Dei gylne fjella i Altaj ved unesco.org |
Galleri
endre-
Toppen av Belukha i Altaj
Kjelder
endre- ↑ «Golden Mountains of Altai». UNESCO. Henta 31. juli 2007.
- ↑ «Greater Altai – Altai Krai, Republic of Altai, Tyva (Tuva), and Novosibirsk - Crossroads». Henta 30. november 2006.
- Denne artikkelen bygger på «Golden Mountains of Altai» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2008.
Bakgrunnsstoff
endre- Kart som viser plasseringa Arkivert 2008-09-30 ved Wayback Machine.
- Rekreasjonsområde i Altaj Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- Dei gylne fjella i Altaj i Russland Arkivert 2007-08-13 ved Wayback Machine.
- Dei gylne fjella på nhpfund.ru Arkivert 2007-12-05 ved Wayback Machine.