Ben er ein namnedel og eit kortnamn som kan brukast av menn og kvinner. I Noreg er det eit mannsnamn og har namnedag den 30. august. Ein annan skrivemåte er Benn.

Avleiing endre

hebraisk tyder ben 'son av'. Det er vanleg i patronym, uttrykk og i nokre samansette namn, som Benjamin og Benoni. Det same ordet på arameisk er bar, på arabisk ofte bin eller ibn.

Det sjølvstendige namnet Ben er ei vanleg kortform for namn som byrjar med Ben-, som Benjamin, Benedikt og Bennett.

«Ben», frå gælisk beinn, 'fjell', er også ein vanleg del av namn på britiske fjell, som Ben Nevis og Ben More.

Namneberarar endre

Annan bruk endre

  • Big Ben er kallenamnet på klokketårnet på Westminsterpalasset i London
  • Ben-Hur er ein amerikansk film frå 1959 regissert av William Wyler.

Kjelder endre

  • Mills, A. D. (2003), A Dictionary of British Place-Names, Oxford University Press 
  • Coogan, Michael D. (1993), «Ben», i Bruce M. Metzger and Michael D. Coogan, The Oxford Companion to the Bible, Oxford University Press Inc