Trefninga i Bender
Trefninga i Bender eller kalabaliken i Bender kom til då Det osmanske riket ønskte å fjerne Karl XII av Sverige frå området sitt etter det militære nederlaget hans i Russland. Trefninga fann stad den 1. februar 1713 på osmansk territorium, i det som i dag er byen Bender i Moldova.
Trefninga i Bender | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den store nordiske krigen | |||||||
Trefninga målt i 1894 | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Sverige | Det osmanske riket | ||||||
Kommandantar | |||||||
Karl XII av Sverige # | |||||||
Styrkar | |||||||
1 000 mann, der 45 deltok | 10 000[1] | ||||||
Tap | |||||||
Over 500 fanga, inkludert Karl XII[1] | 50-100 døde, ukjende skadde |
Historie
endreEtter det svenske nederlaget i slaget ved Poltava den 27. juni 1709 og overgjevinga av det meste av den svenske armeen i Perevolotsjna tre dagar seinare, flykta Karl XII av Sverige i lag med fleire hundre svenske soldatar og fleire kosakkar til Det osmanske riket, der dei oppheldt seg totalt i fem år.
Trefninga i Bender starta offisielt den 31. januar 1713 då tyrkisk artilleri byrja å fyre mot den svenske leiren. Den 1. februar gjekk dei osmanske styrkane til åtak på leiren.
I lag med 40 soldatar klarte Karl XII å halde stand mot fleire hundre tyrkarar. Livvakten Axel Erik Roos utmerkte seg særleg under trefninga og i følgje soga redda han livet til kongen tre gonger i løpet av dagen. Kongen sjølv dra minst ein osmansk soldat med sverd i nærkamp då han og Roos vart angripe og tre osmanarar. Under delar av kampen nytta òg Karl ein karabin frå for å skyte mot fienden frå vindauge i rommet han sov i. Kampen varte i over sju timar og osmanarane nytta etter kvart både artilleri og eldpiler då det første åtaket vart slått tilbake og den siste metoden viste seg å vere meir effektiv. Brannpilene sette taka på bygningane i brann og tvinga svenskane ut. Kampen enda då kongen snubla i sin eigen spore då han sprang ut av eit brennande hus. Han vart angripen av mange osmanske soldatar som klarte å fange han og dei gjenverande soldatane.[2]
Etter ei tid som fange, vart Karl XII og soldatane hans sleppte fri då nyhenda om den svenske sigeren i slaget ved Gadebusch nådde osmanarane. Karl starta då å planlegge reisa attende til Sverige.
Etymologi
endreDet tyrkiske ordet for «gjeng» eller «tumult» er kalabalık, som etter hendinga har vorte eit svensk lånord, kalabalik, som tyder «forvirring» eller «stor uorden».
I populær kultur
endreTrefninga i Bender var inspirasjonen til Mats Ahren-komedien Kalabaliken i Bender frå 1983. Sjølv tidleg i 1920-åra vart det laga filmar med scenar frå trefninga.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Liljegren, B., 2000. Karl XII: En biografi. s 213.
- ↑ http://www.kungkarl.se/turkiet.htm
- Denne artikkelen bygger på «Skirmish at Bender» frå Wikipedia på engelsk, den 12. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Massie, Robert K. (October, 1981). Peter the Great: His Life and World. New York City: Ballantine Books. ISBN 0345298063.