Bengt er eit mannsnamn av svensk opphav, danna som ei form av Benedikt som kjem frå latinsk Benedictus, 'signa'. Bengt har namnedag i Noreg og Sverige den 21. mars.

Gravstein for professor Bengt Lidforss i Lund.

Bengt er kjend i svenske tekstar frå 1300-talet, då med skrivemåten Benkt. Andre namn med lik tyding og opphav er til dømes Ben, Bent og Bendik, medan Beate, Benedikte og Bente er nærskylde kvinnenamn.

Bruk endre

Namnet var brukt sjeldan i Noreg først på 1900-talet, men bruken tok seg litt opp på 1920- og 1930-talet. I 1950- og 1960-åra voks bruken mykje, til ein topp på over 0,25 % rundt 1970. Deretter gjekk bruken bratt ned. I 2009 var det rundt 2 304 norske menn som heitte Bendik.

I Danmark heitte 1,0 % av menn, eller 27 415, Bent i 2008.

Namneberarar endre

 
Norske Bengt Pedersen.

Kjelder endre