Benzosyre

kjemisk sambinding

Benzosyre eller benzenkarboksylsyre er ei organisk syre med kjemisk formel C6H5COOH. Syra finst naturleg i tytebær. Benzosyre blir ein del brukt som konserveringsmiddel og har E-nummer E210.

Strukturfomel for benzosyre.

Ein framstiller benzosyre kommersielt ved partiell oksidasjon av toluen med oksygen. Prosessen er katalysert av kobolt eller mangan-naftenat. Prosessen bruker billige råmaterial, gjev høgt utbytte og blir rekna som miljøvenneleg.

Kjelder

endre