Ber Borochov
Dov Ber Borochov (3. juli 1881–17. desember 1917) var ein marxistisk sionist og ein av grunnleggjarane av den sionistiske arbeidarrørsla, men også av den jiddische filologia.
Ber Borochov | |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Den russiske republikk, Den ukrainske folkerepublikk |
Fødd | 21. juni 1881 Zolotonosja |
Død |
4. desember 1917 (36 år) |
Yrke | filosof, lingvist |
Språk | tysk, engelsk, fransk, russisk, jiddisch |
Politisk parti | Poale Sion, Det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet |
Ber Borochov på Commons |
Han var fødd i det russiske imperiet (idag Ukraina), og slutta seg til Russlands Sosialdemokratiske Arbeidarparti, men vart ekskludert for dei sionistiske synspunkta sine. Etter det var han med å skipe Poale Sion, og arbeidde for dei i fleire land. Etter marsrevolusjonen i Russland vende han attende dit, for å leie Poale Sion (Poale Sion vart seinare kløyvd i ein høgre- og ein venstrefraksjon, som har utvikla seg til dei moderne israelske partia Avoda og Meretz). Borochov vart sjuk av lungebetennelse og døydde i desember 1917.
Borochov er rekna som ein av fedrane til den sosialistiske sionismen. Borochov var svært viktig i sionistrørsla. Han analyserte mellom anna jødane sin situasjon i Europa, og meinte dei ville bli tvinga til å emigrere til Palestina. Eit nøkkel-element i Borochov sin ideologi var at han meinte jødiske og arabiske arbeidarar hadde dei same klasseinteressene og kunne stå saman i klassekampen i Palestina, og meinte det måtte vere plass til både jødar og arabarar i landet, slik at dei kunne leve saman i fred.
Medan dei fleste sionistane såg negativt på jiddisch og ville erstatte det med hebraisk, var Borochov ein ihuga tilhengar av jiddisch, og skreiv mykje om kor viktig dette språket var. Han blir rekna som ein av grunnleggjarane av moderne jiddisch-studium.
Kjelder
endreDen engelskspråklege wikipediaen.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
endre- Ber Borochov Internet Archive
- A brief history of Labor and Socialist Zionism
- Poalei Tziyon
- The National Question and Class Struggle - Ber Borochov 1905
- Poalei Tziyon - Our Platform -1906 Sets out the essential of Borochovian Marxist Zionism.
- The Economic Development of the Jewish People - Ber Borochov 1916
- Poalei Tziyon Peace Manifesto - 1917
- Eretz Yisrael in our program and tactics, Ber Borochov, 1917