Bergen gamle stasjon

Bergen gamle stasjon var endestasjonen for jarnbanen Vossabanen i Bergen og den fyrste jarnbanestasjonen i byen. Stasjonen var bygd i 1882 etter teikningar av arkitekt Balthazar Lange, og vart teke ut or bruk i 1913, då Bergen stasjon vart opna. Bygningane vart rive i samband med at galleribygningen til den tidlegare Stenersens samling vart reist på den same tomta, den noverande bygningen KODE 2 (Stenersen) til kunstmuseet KODE.

Bergen gamle stasjon
Eit kart frå 1907 som syner Bergen gamle stasjon ved Lille Lungegårdsvann og Vossabanen inn til stasjonen.

Stasjonen låg såleis på nordvestsida av Lille Lungegårdsvann, i Christies gate. Ein liten rest av den gamle stasjonen er teke vare på, og er å sjå som eit slags tilbygg til KODE 2 attmed krysset mellom Christies gate og Lars Hilles gate. Frå stasjonen gjekk Vossabanen over Florida og Solheimsviken, mellom anna gjennom ein tunnel som framleis er å sjå i Nygårdsparken, i nærleiken av Geofysisk Institutt.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre