Bergirisk

fugleart
Bergirisk
Bergirisk
Bergirisk
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Slekt: Linaria
Art: Bergirisk L. flavirostris
Vitskapleg namn
Linaria flavirostris

Bergirisk (Linaria flavirostris‎) er ein fugl i finkefamilien.

UtbreiingEndra

Arten har to åtskilde utbreiingsområde. Det eine er i den sentrale delen av Asia, der han finst frå aust i Tyrkia mot aust til det sentrale Kina, og frå steppene i Kirgisistan i nord til fjella i Kaukasus i sør. I tillegg er det ein bestand som i det vesentlege er avgrensa til Noreg og Storbritannia. Åtte underartar er skildra, og i Noreg er det nominatunderarten flavirostris som hekkar. I Europa reknar ein 167-567 tusen par. Utviklinga i bestanden er lite granska.

Biotop og utbreiing i NoregEndra

Bergirisken trivst på vegetasjonsfattige stader, gjerne med bergknausar. I Noreg er hovudutbreiinga langs kysten frå og med Agder til og med Trøndelag. I indre fjelltrakter og i Nord-Noreg er fuglen meir fåtalig. Arten er elles ofte å sjå til fjells, særleg i fjella nær kysten. I Noreg reknar ein 100-500 tusen hekkande par, men fuglen er i tilbakegang og bergirisken er lista på norsk raudliste 2006 i kategorien nær trua.

 
Teikning av fuglen.
 
Bergiriskegg.

FødeEndra

Hovudnæringa er i første rekke frø, men om sommaren et han også noko insekt.

HekkingEndra

Fuglen byggjer reir med det same han kjem til hekkestaden. Reiret vert ofte plassert rett på bakken. Hoa legg 5-6 egg i mai. Det er vanleg med to kull i løpet av sesongen. Ungane vert fora med insekt, men elles lever fuglen mykje av frø.

TrekkvanarEndra

Trekket sørover byrjar i august, hovudtrekket går i september-oktober. Dei fleste fuglane har vinterkvarter i Belgia, Nederland og det nordlege Tyskland, færre lengre sør. Ein del fuglar overvintrar langs kysten i det sørlege Noreg. Fuglane kjem til Noreg i april, etternølarar i mai.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bergirisk
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Carduelis flavirostris


KjelderEndra