Berit Mørdre

(Omdirigert frå Berit Mørdre Lammedal)

Berit Mørdre (16. april 194023. august 2016), frå 1969 nokre år gift Berit Mørdre Lammedal, var ein norsk langrennsløpar frå Nes i Akershus. Ho vart olympisk meister på 3 x 5 km stafett med Noreg i 1968, og tok sølvmedaljen på 10 km i same vinterleikane. Mørdre representerte Romerikslaget og dominerte norsk kvinnelangrenn i ein tiårsperiode frå midt på 1960-talet.

Berit Mørdre


Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. april 1940
Nes kommune
Død

23. august 2016 (76 år)

Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1968, Ski-VM 1974

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen, Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris

Karriere endre

Mørdre debuterte i NM på ski i 1964 og vart nummer ni på 10 km. Året etter vart ho norsk meister på distansen og tok bronsemedaljen på 5 km. Fram til og med 1974 vann ho den eine eller begge dei individuelle langrenns-tevlingane i NM-løypene, med unnatak for 1972. Ho vart elles dobbeltmeister i 1967, 1973 og 1974. Perioden mellom 1965 og 1974 vann ho 14 norske meisterskap, i tillegg til tre sølvmedaljar og tre bronsar.

 
Mørdre (til venstre), Inger Aufles (i midten) og Ingrid Wigernæs, VM i Oslo 1966.

Mørdre deltok for Noreg under ski-VM i Oslo 1966 og vart beste norske kvinnelege løpar med tiandeplass på 5 km og ellevteplass på 10 km. I 3 x 5 km stafett gjekk ho ankeretappen, der ho med ein sterk spurt slo Sverige og Toini Gustafsson i kampen om sølvmedaljen. Saman med Ingrid Wigernæs og Inger Aufles sørgde ho dermed for ein mykje overraskande medalje for Noreg, den aller fyrste som norske kvinner tok i internasjonalt langrenn.

Under Vinter-OL 1968 i Grenoble overraska Mørdre stort med å ta sølvmedaljen på opningsdistansen 10 km, men slått med over eitt minutt av svenske Toini Gustafsson. Tre dagar seinare stod ho og lagvenninnene Inger Aufles og Babben Enger Damon for den største bragd norske kvinnelege langrennarar hadde gjort til dess, då dei vann 3 x 5 km stafett.

Etter ein fjerdeplass for dei norske stafettkvinnene i ski-VM 1970, gjekk Inger Aufles, Aslaug Dahl og Berit Mørdre Lammedal inn til OL-bronse på 3 x 5 km stafett i Sapporo i 1972. Individuelt i Sapporo-leikane vart ho nummer sju på 5 km. To år seinare gjekk ho sine siste VM-løp og vart beste norske deltakar på 5 km med ein sjetteplass.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

 
Gullvinnarane i 3 x 5 km stafett under OL 1968, frå venstre Inger Aufles, Babben Enger Damon og Berit Mørdre.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Ho vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1971.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.