Bernhard Tandberg

Bernhard Tandberg (14. desember 185621. juni 1913) var ein norsk gardbrukar, trelasthandlar og stortingsmann frå Lier i Buskerud.

Bernhard Tandberg
Fødd14. desember 1856
Død21. juni 1913 (56 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, bonde
BarnGudbrand Tandberg
Alle verv

Tandberg var son til ein gardbrukar og skogeigar. Sjølv gjekk han 1867-72 den høgare allmennskulen i Drammen. Etter eit år på eit trelastkontor og eit anna år utanlands, byrja han i drifta til faren. Han overtok i 1881 ein del av faren sine skogeigedomar, og i 1887 heile farsgarden Nes på Nes i Buskerud. Frå 1885 dreiv han også med trelasthandel. Tandberg var medlem av heradsstyret i Nes frå 1885, ordførar 1892-98. Også sparebankdirektør.

Tandberg var 4. representant for Buskeruds amtStortinget 1900-03, og var Hallingdal krins sin representant 1910-12. Bolken 1900-03 var han medlem av vegkomiteen, medan han 1910-12 var medlem av Lagtinget, landbrukskomiteen og valkomiteen. I 1912 var han permittert frå 12. juni.

Han døydde i Kristiania i 1913.

Kjelder

endre
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914