Bershawn Jackson (fødd 8. mai 1983) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Miami som vart verdsmeister på 400 meter hekk i 2005 og i tillegg var me å vinne VM-gull i 4 x 400 m stafett både i 2009 og 2011.

Bershawn Jackson


Statsborgarskap USA
Fødd 8. mai 1983 (40 år)
Miami
Idrett friidrett, sprintløp, hekkeløp
Tok del i

Sommar-OL 2008

Aktiv endre

Jackson sette personleg rekord i 400 meter hekk med tida 47,86 sekundar i eit stemne i Monaco i september 2004. Året etter gjorde han sitt livs beste løp på langhekken då han vann øvinga under VM i friidrett 2005 i Helsinki, klokka inn på 47,30. I den neste verdsmeisterskapen i 2007 rauk han ut i semifinalane, der han tom for krefter snubla i den siste hekken.

Under Sommar-OL 2008 i Beijing tok Jackson bronsen på 400 meter hekk, einast landsmennene Angelo Taylor og Kerron Clement sprang fortare. Også frå VM i Berlin året etter reiste Jackson heim med bronse frå hekkeløpet, etter han slo fjerdemann med 0,03 sekund. I den same meisterskapen sprang han også ein etappe då USA kvalifiserte seg til finalen i 4 x 400 m stafett, men vart vraka frå finalemannskapet som seinare vann ein suveren siger. Under verdsmeisterskapen 2011 derimot fekk Jackson springe den andre etappen på USA sitt vinnarlag på den lange stafetten, VM-tittelen vart sikra med eit halvt sekunds margin til Sør-Afrika sitt mannskap. Dei andre stafettløparane til USA var då Greg Nixon, Angelo Taylor og LaShawn Merritt.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre